Forskeren forklarer: Analyse av ”schizofreni” i lærebøker

Er det ein samanheng mellom vitskapen sitt språk for psykiske lidingar og stigmaet knytt til desse lidingane? Er omgrepet ”schizofreni” utdatert, og bør det derfor bytast ut med eit anna omgrep? Helga Mannsåker har forska på omgrepet ”schizofreni” i skandinaviske psykiatrilærebøker.

Skrevet av: Eskil Skjeldal

-Språket i lærebøker har påverknadskraft. Uheldig språkbruk kan bidra til stigmatisering, seier Helga Mannsåker frå Universitetet i Bergen. Foto: Alf Edgar Andresen, Universitetet i Bergen.

-Kva handlar prosjektet om?

-Prosjektet dreiar seg om ei undersøking av kva rolle metafor og metonymi spelar i psykiatrien sitt fagspråk, og om fagtermen – og bruken av fagtermen – schizofreni på nokon måte kan seiast å kunna verka stigmatiserande. På den eine sida nyttar eg metafor- og metonymiteori for å undersøkja fagspråk om schizofreni, og på den andre sida nyttar eg fagspråk om schizofreni som ein case for å undersøkja fenomena metafor og metonymi. Kort forklart er ein metafor eit språkleg uttrykk der ein omtalar noko ved hjelp av noko heilt anna, som t.d. når ein omtalar ein psykisk tilstand som ei romleg plassering: «Han er høgt oppe.» (‘glad, eksaltert’) / «Ho er langt nede» (‘deprimert’). Ein metonymi er eit språkleg uttrykk der ein omtalar noko ved hjelp av noko som kan seiast å ha eit konkret samband med det ein omtalar, t.d. ved å referera til heilskapen ved hjelp av ein del av heilskapen: «Vi treng fleire hender i eldreomsorga» (‘fleire personar som kan utføra praktisk arbeid’) / «Vi søkjer fleire hovud» (‘fleire personar som er teoretisk anlagte’).

 -Kva for spørsmål stilte du for å finne ut av dette?

-Eg undersøkte kapitla om schizofreni i ni skandinaviske lærebøker i psykiatri, tre frå perioden rundt 1900, då namnet på tilstanden framleis var dementia praecox, tre frå perioden rundt 1950, då termen schizofreni hadde erstatta dementia praecox, og tre frå perioden rundt 2000, dvs. notida sine lærebøker. All bruk av termen schizofreni, pluss bruken av det avleidde adjektivet schizofren vart identifisert, klassifisert og analysert med utgangspunkt i kognitiv metafor- og metonymiteori.

 -Kva fann du?

-Eg fann at metonymi spelar ei viktig rolle i psykiatrisk fagspråk, og at somme former for metonymisk språkbruk kan føra til uheldige konseptualiseringar og dermed til stigmatisering av pasientar. Ikkje minst gjeld dette språklege konstruksjonar der personen vert referert til vha. namnet på diagnosen, som t.d. uttrykk som «dei schizofrene» for ‘personar som er diagnostiserte med schizofreni’. I slike uttrykk kan ein seia at personen vert «redusert» til sin eigen diagnose. Det er òg ting som tydar på at termen schizofreni (av gresk skhizein ‘å splitta’ + phren ‘sinn’) på somme måtar kan reknast som ein levande metafor i språket, då aspekt ved sjukdommen vert referert til og skildra vha. ord som splitting, spalting og kløyving i lærebøkene etter innføringa av termen schizofreni, jf. t.d. at schizofreni av somme vert oppfatta som ekvivalent med «splitta personlegdom».

 -Kvifor er dette viktige funn?

-Korleis vi omtalar eit fenomen, påverkar korleis vi oppfattar fenomenet. Språket i lærebøker har påverknadskraft, ikkje minst på dei fagfolka som skal sosialiserast inn i fagfeltet. Uheldig språkbruk kan bidra til stigmatisering og sjølv-stigmatisering, og derfor er det viktig å undersøkja språkbruken til fagfeltet med tanke på dette.

 -Har du avdekt nye kunnskapshull ved hjelp av denne studien?

-Denne studien har kasta nytt lys over skiljet mellom levande og daude metaforar, over metonymien si rolle i fagspråk og over forholdet mellom metafor og metonymi og stigmatiseringsproblematikk innanfor psykiatrien. Den har òg kasta nytt lys over dei grammatiske og semantiske konsekvensane av bytet frå dementia praecox til schizofreni i fagspråket.

 -Korleis har du ivareteke brukarinvolveringa gjennom forskingsprosessen?

-I dette prosjektet har ikkje brukarar vore involverte – dette er ein reint språkvitskapleg analyse av fagspråktekstar. Men avgjerda om å undersøkja fagspråket i psykiatrien med eit kritisk blikk er gjort med tanke på brukarperspektivet.

Vil du vite meir om prosjektet? Skriv eit e-brev til Helga Mannsåker: Helga.Mannsaker@uib.no

Del gjerne denne siden med dine venner og meld deg på vårt nyhetsbrev. Ta også en titt i vår nettbutikk

Delta i diskusjonen, skriv en kommentar nedenfor

KJØP VÅRE PUBLIKASJONER

HANDLEKURV

Handlekurven er tom

SISTE SAKER

  • Medisinfri behandling i psykisk helsevern: DPS Vegsund
    I Helse Midt-Norge tilbys medisinfri behandling ved DPS Vegsund, der spesialsykepleier Anja Mari Bjørkavåg er prosjektleder for regionalt medikamentfritt behandlingstilbud ved avdeling for DPS Sunnmøre. Med seg har hun et bredt tverrfaglig sammensatt team på ni personer.
  • Forskeren forklarer: Brukermedvirkning er ikke alltid et gode
    Ann-Helen Henriksen har forsket på hvordan brukermedvirkning skaper nye problemer og dilemmaer for forholdet mellom pasient og behandler.
  • Medisinfrie behandlingstilbud i psykisk helsevern
    På nettsiden vår vil vi fremover presentere noen av de nylig etablerte medisinfrie tilbudene i psykisk helsevern. Dette er tilbud som ble opprettet med bakgrunn i oppdragsbrev til de regionale helseforetakene fra Helse- og omsorgsdepartementet 2015.

PÅ SOSIALE MEDIER


Aktuelt

Se alle nyheter i vårt nyhetsarkiv

Fra Twitter