Forskeren forklarer: Fastlegen kan bli betre til å hjelpe barn med sjuke foreldre

Frøydis Gullbrå, forskar og fastlege, har nyleg tatt doktorgrad ved Universitetet i Bergen om barn som pårørande i møte med fastlegen. Prosjekt har vore tilknytta allmennmedisinsk forskningsenhet, Uni Research Helse og Institutt for global helse og samfunnsmedisin, UiB.

Skrevet av: Eskil Skjeldal

-Fastlegane må tørre å spørje om barna, og dei må hugse på dei, seier fastlege og forskar Frøydis Gullbrå som har forska på barn som pårørande i møte med fastlegen.

-Kva handlar prosjektet om?

-Vi veit at det er meir sannsynleg at barn som veks opp med sjuke foreldre får eigne helseplager og psykososiale vanskar. I 2010 kom nye lover i Norge som skulle sikre rettane til desse barna. I dette prosjektet har vi sett søkelys på korleis fastlegar kan hjelpe barn som har psykisk sjuke, alvorleg fysisk sjuke eller rusbrukande foreldre. Gjennom gruppe-intervju av fastlegar og ungdom som har vakse opp med sjuk eller rusbrukande forelder, og via individuelle intervju med sjuke eller rusbrukande foreldre, har vi fått informasjon om dei involverte sine erfaringar og ynskje på dette området.

 

-Kva for spørsmål stilte du for å finne ut av dette?
-Vi spurte fastlegar om kva erfaringar dei hadde med å hjelpe barna av deira pasientar med rusproblem, psykisk sjukdom eller alvorleg fysisk sjukdom. Dei blei bedne om å ta med pasient-historier til intervjua, og der kom fram mange historier, både der dei som fastlege kunne hjelpe, men også der dei fann det vanskeleg å bidra. Ungdom og sjuke foreldre blei spurt om korleis kvardagen deira vart påverka av foreldre sine vanskar eller sjukdom. Dei vart også spurt om kva som kunne vere til hjelp for barna i familien, kva behov dei kjente på og dei vart utfordra på korleis dei tenkte ein fastlege kunne gjere situasjonen lettare for barna.

 

-Kva fann du?
-Fastlegane kunne hjelpe ved rådgiving, ved å gi informasjon og ved samarbeid med andre. Dei tok ofte ikkje opp problemstillinga med barna på grunn av tidspress eller frykt for å belaste sjuk forelder. Ungdommar med sjuk forelder ynskjer å bli forstått som vanlege ungdommar med utfordrande heimesituasjon. Dei ynskte at fastlegen spurte om heimesituasjon med sjuk foreldre, gav informasjon om tilstand og fann meistringsstrategiar. Sjuke foreldre trengte anerkjenning frå fastlegen på at dei er foreldre som gjer sitt beste for barna sine. På same tid trengte dei råd frå fastlegen i høve korleis støtte og snakke med barna om sjukdom.

 

-Kvifor er dette viktige funn?

-Det har vore gjort svært få studiar på fastlegen si rolle i høve barn som pårørande tidlegare, difor er denne studien viktig. Funna viser oss tydeleg at fastlegen kan ha ei viktig rolle overfor ei sårbar gruppe som ofte blir oversett. Å få tatt opp problemstillinga om korleis barna har det når foreldra er sjuke, er det viktigaste! Fastlegane må tørre å spørje om barna, og dei må hugse på dei.

 

-Har du avdekt nokre nye kunnskapshull ved hjelp av denne studien?

-Det at sjuke foreldre og barn av sjuke foreldre ynskjer råd og hjelp frå fastlegen, medan fastlegane kan vere redd for å ta opp problemstillinga, er viktig ny kunnskap. Frykta fastlegane kjenner på for å ta opp problemstillinga med barna sin situasjon under foreldre sin sjukdom, kan vere overdimensjonert og uhensiktsmessig.  Det at både sjuke foreldre og barn av sjuke foreldre treng anerkjenning på at dei ynskjer ha vanlege liv, samtidig som dei treng råd og hjelp, er også nyttig ny kunnskap.

 

-Korleis har du ivareteke brukarinvolveringa gjennom forskingsprosessen?

-Vi har involvert brukarorganisasjonar i rekruttering av informantar, og gruppeleiarar for ungdomsgrupper har vore deltakarar under intervju. Problemstillinga med korleis ein fastlege kan hjelpe barn med sjuke foreldre, er belyst gjennom intervju med brukarar, både sjuke foreldre og ungdom med sjuke foreldre

 

Vil du vite meir om prosjektet?

Ta kontakt med Frøydis Gullbrå: Froydis.Gullbra@uib.no

Del gjerne denne siden med dine venner og meld deg på vårt nyhetsbrev. Ta også en titt i vår nettbutikk

Delta i diskusjonen, skriv en kommentar nedenfor

RELATERTE SAKER


KJØP VÅRE PUBLIKASJONER

HANDLEKURV

Handlekurven er tom

SISTE SAKER

  • Om brukermedvirkning: Fossumkollektivet
    Fossumkollektivet driver langtids døgnbehandling av ungdom med rusproblemer og har over år jobbet målrettet med å involvere de pårørende i behandlingen og støtte dem. Mor Vigdis Løbach tror pårørendeinvolvering kan være med på å hindre tilbakefall hos ungdommen. En mulig konsekvens av manglende pårørendeinvolvering kan innebære at pårørende, med alle gode intensjoner, motvirker behandling. Leder av familiearbeidet ved kollektivet, Tor-Magne Bakke, har gode erfaringer med å invitere pårørende med i behandlingsprosessene.
  • Vil ha større grad av likeverdighet
    Jeg tror at andre perspektiver enn den rent medisinske forståelsen kan være mer tjenlige både for pasientene og for tjenestesystemet, sa Trond Aarre da vi besøkte ham i Nordfjordeid nylig. -Jeg tror det er mye større likhet mellom behandlerne og de som skal behandles enn det vi ofte har gått ut fra. Se videoklipp her.
  • Vil ha et annet kunnskapsgrunnlag i tjenestene
    Ved å undersøke, systematisere, allmenngjøre og teoretisere erfaringer utover den enkeltes subjektive opplevelse kan erfaringene bli kunnskap, sa Ekeland da vi besøkte ham i Volda forrige uke: -Jeg jobber for en mer human psykiatri, og det krever et nytt bærende kunnskapsgrunnlag i tjenestene. Se videoklipp her.

PÅ SOSIALE MEDIER


Aktuelt

Se alle nyheter i vårt nyhetsarkiv

Fra Twitter