> Forside / Kronikker / Piller eller mat?



Piller eller mat?

Er endring av kosthald eit alternativ til ”Lykkepilla”?  Eller er det slik at så snart det vert snakk om diett, tenker ein kvakksalveri?

Mange brukarar med psykiske lidingar fortel at dei har hatt gode erfaringar med kosthaldsendringar og ernæringsmedisin. Ikkje minst i samband med nedtrapping og avslutting av medisinbruk. Kroppen treng stabilisering før det er mogleg å konsentrere seg om dei andre kjenslemessige, relasjonelle og sosiale problema. Kosthaldsendringar er livsstilsendring, og vi veit at friske folk har problem med slike forandringar. Korleis kan vi tru at menneske som har nok med å kome i gang med dagen sin, skal klare å skaffe seg oversyn over testar som må takast, finne ut kva slags tilskot ein skal ha og finne nye matvarer og nye daglege rutinar? Og kva med å oppretthalde motivasjonen for kosthaldsendringane?

Eit tankekors
I kor stor grad har legane, helsemyndigheitene og legemiddelindustrien fokus på kva menneska treng av ulike vitamin, mineral og næringsstoff i samband med at det blir skrive ut piller? Og veit vi noko om kosthaldet si innverknad på  helsa vår? Er det ikkje eit tankekors at kosthaldsfokus og ernæringsterapi vert oppfatta som eit alternativ og ikkje som ein integrert del av all sjukdomsbehandling?
Mange brukarar av dei psykiske helsetenestene har gitt uttrykk for at kosthalds- og ernæringsfokus har vore fråverande i behandlinga.

Vi blir det vi eter
Allereie for 2500 år sidan skal Hippokrates, kjent som medisinens far, ha sagt: ”La mat vere din medisin og medisin vere din mat”. Vi har vitskapeleg basert kunnskap om mat frå 1700-talet då dr. James Lind påviste samanheng mellom sjukdom og mangel på eit bestemt næringsstoff. Han oppdaga at sjømenn fekk symptom som kjenneteiknar skjørbuk. Samanhengen mellom mangel på C vitamin og skjørbuk vart stadfesta då sjømenn fekk med seg sitrusfrukter og haldt seg friske. Den amerikanske biokjemikaren Irwin Stone (1907-1984) var kanskje den fyrste som tok i bruk såkalla megadoser av vitamin i behandlinga av sjukdom. Doseringar som overstig eksisterande offisielle retningsliner for tilrådd bruk. Biokjemikaren og nobelprisvinnaren Linus Pauling innførte ortomolekylær psykiatri i ein artikkel publisert i tidsskriftet Science i 1968. Han definerte omgrepet som ein praksis der ein endrar på konsentrasjonen av normale stoff i hjernen for å førebygge og behandle sjukdom. Seinare vart omgrepet utvida til å romme meir enn behandling innan psykiatri, og vart etterkvart til ortomolekylær medisin eller ernæringsterapi. 

Leitar etter svar
Kva slags effekt har ernæringsterapi? For å finne ut av det, blei fylgjande vedtatt 30. mai 2005: ”Stortinget ber Regjeringen om å medvirke til at det igangsettes forskning samt at internasjonal forskning gjennomgås, knyttet til bruken av mineraler og vitaminer i behandlingen av mennesker med psykiske lidelser”. Som svar har Kunnskapssenteret nylig publisert eit systematisk kunnskapsoversyn over studia av effekten av vitamin, mineral og andre kosttilskot på psykiske symptom hjå personar med ADHD, angstlidingar, bipolar liding eller depresjon. Konklusjonen er at det er usikkert om kosttilskot i form av fleirumetta feittsyrer er effektive i behandlinga av psykiske lidingar. Når det gjeld andre stoff som til dømes B 6, er studiane for få og for lite omfattande til at ein kan trekke konklusjonar om eventuell effekt på psykiske symptom.

Vanskeleg og kostbart
I fylgje Nasjonalt senter for alternativ behandling finst det ikkje metastudie av ernæringsmedisin for nokon lidingar. Kor effektivt og sikkert bruk av ernæring er som medisin, er mangelfullt dokumentert. Nokre av årsakene er at det er vanskeleg og kostbart å forske på behandling som er så samansatt, individualisert og kompleks. Difor finst det lite systematisert kunnskap om kor vidt ernæringsterapi verkar som eit heilskaplig behandlingssystem, på kva slags lidingar og med kva slags doseringar.

Dr. Reichelts forsking
For meir enn 50 år sidan vart det gjennomført forsøk av dr. Hoffer og dr. Osmond i Canada med vitamin B3 og vitamin C i behandlinga av schizofrene. Dei fann at megadoser med desse vitamina hadde god effekt. 90 prosent av pasientane som fekk behandlinga på eit tidleg stadium, vart bra. 60 prosent av dei som hadde vore sjuke og brukt medisinar i over 5 år vart også bra/betre, men trengte lengre behandlingstid.  Dr. med Karl-Ludvig Reichelt, forskar ved Rikshospitalet i Oslo, har i snart 30 år forska på samanhengen mellom matvarer og psykiske lidingar. Han meiner å ha funne ut at protein i mjølk og kornprodukt kan utløyse psykiske lidingar som schizofreni, depresjonar, ADHD og autisme. Heile åtte uavhengige forskargrupper på verdsbasis har kome fram til same resultat som Reichelt og kollegaene. Kvifor vekker ikkje desse funna større interesse hjå psykiatrane? Er det slik at så snart det vert snakk om diett, tenker ein kvakksalveri? Eller blir dette nok eit enkelt svar på svært kompliserte menneskelege uttrykk? Psykiater Ann Ferden seier til NRK.no at ho ikkje har grunn til å tru at Reichelt tar feil, men at ho har tilgode å sjå det med eigne auger. I fylgje henne kan det vere ei blanding av mange ting som er årsak til psykiske lidingar. Vi er samde i at det kan finnast mange ulike grunnar til at mennesker får diagnosar som depressiv nevrose, schizofreni eller ADHD. Nettopp difor er det grunn til å ta Reichelt sine funn på alvor.

Dugnad for fridom
I Noreg har ei gruppe pårørande og brukarar av psykiatriske tenester satt i gang ”Dugnad for frihet”. Målsetnaden er å få etablert eit senter for menneske som treng hjelp til å balansere livet kroppsleg og sjeleleg. I USA finst det fleire slike sentra. Forutan ein trygg stad å vere i ei overgangsperiode, treng vi tilbod i kommunane og på distriktspsykiatriske sentra som ser heile mennesket med kroppslege, sjelelege og sosiale behov. Då kan kosthaldsendringar bli alternativ til pillene!
 

Nasjonalt senter for erfaringskompetanse innen psykisk helse inviterer til debatt  om kosthaldet sin plass i behandlinga av psykiske lidingar, på Litteraturhuset 11. april.

Eva Svendsen
Seniorrådgiver Nasjonalt senter for erfaringskompetanse innen psykisk helse

Ingunn Holmen Søberg
Medforfatter (brukar)

Publisert: 11:51 - 05. april 2011

Sist oppdatert: 14:31 - 07. april 2011