Den vanskelege kjærleiken

Lars Amund Vaage er ein av forfattarane i Erfaringskompetanse si jubileumsbok «Levd liv». På lanseringa på Litteraturhuset slapp seniorrådgivar Eva Svendsen til med desse orda.

Skrevet av: Astrid Borchgrevink Lund

FORFATTARSKAP: Seniorrådgivar Eva Svendsen i Erfaringskompetanse om Lars Amund Vaage sitt forfattarskap. (Foto: Per Åge Eriksen)

-Vi har fått lov til å presentere eit utdrag frå forfattaren Lars Amund Vaage si bok «Sorg og song» i vår antologi. Eg har lese heile boka og opplev ein forfattar som deler raust frå sine indre dialogar og verdifulle erfaringar som pårørande. I boka set han ord på den vanskelege kjærleiken som ein far med eit autistiske barn kan oppleve. Og korleis eit barn vert prega av å leve tett innpå ei bestemor med psykisk liding. Og han skildrar den avmakta som ein kan kjenne i møte med eit hjelpeapparat som har sitt eige uforståelege språk. 

Brageprisen
Språkløyse og musikkens språk er sentrale tema hos han, og spørsmålet om kjærleikens karakter og vilkår. Å vere ein pårørande, handlar om å leva den vanskelege kjærleiken.

Då romanen «Syngja» kom ut i 2012 vart han møtt med strålande meldingar frå samstemte kritikarar, og for boka vann Vaage Brageprisen. Men «Syngja» var også boka forfattaren ikkje trudde han kunne skriva. Med denne romanen som utgangspunkt, drøftar Vaage korleis livsrøynsler kan gjerast om til språk og litteratur, og kva som kan hemma eller drepa slike uttrykk. Hindringane kan verka uoverstigelege når temaet er eit lidande barn.

Schizofreni
Er det slik at det språklause barnet er omgitt at språk som ikkje kan dekka eller forklara livet hennar? Blir til og med diktaren stum når han lever i det språkleg fattige hjelpeapparatet? I «Sorg og song» fortel Lars Amund Vaage om korleis det kan opplevast når diktinga vert møtt som vedkjenningslitteratur. Han viser ikkje berre korleis han nærmar seg autisme i tidlegare bøker, men og korleis det språklause gjeld alle menneske. Ikkje minst skriv han om å skriva: om å gi ord til det ordlause:

Eg vil no lesa nokre utdrag frå boka «Sorg og song». Her set Vaage ord på erfaringane han hadde som barn med ei bestemor som hadde diagnosen schizofreni.

Varme, mjuke hender
« Eg såg dei galne. Eg møtte dei som barn. Eg kjende varmen frå bestemor, han strålte over meg og gjennom meg. Eg såg at ho var galen, fjern, men ho kunne også vera ei god bestemor. Ho var den einaste i grenda der eg voks opp, som låste døra. Eg gløymer ikkje gleda hennar då ho kom og låste opp og såg at det var meg. På kjøkkenet hennar, i lukta av mat, sveitte og såpe, var det godt å vera. Ho var det einaste mennesket som tok på meg, som heldt handa mi eller strauk meg over panna eller kinnet. Ho hadde varme, mjuke hender. Ho var sjeleleg sunn, med ein del av seg. Ja, ho står der no, i minnet, som ei av dei som gjorde meg godt. Denne enkle røynda var sjølve grunnen til at eg skreiv «Skuggen og dronninga». Eg ville fortelja om noko eg hadde sett: kombinasjonen av galskap og kjærleik. Skulle eg ikkje tru på den, ville eg ikkje kunna tru på noko i livet. Ein må kunne tru på eigne røynsler og tankar sjølv om dei kan strida mot det vanlege eller vedtatte. For meg har det ikkje vore enkelt å koma fram til ein slik trustilstand. Og eg har kjensla av at dette er eit avgjerande punkt for mange. Kven kan dømma om kva som er den rette trua?»

Bestemors stordom
Noko lengre ute i teksta skriv han:
«Ho innlemma meg i si verd, men den verda var for stor for meg. Det var som om redsla hennar, plagene hennar, vart kapsla inn i meg, og eg såg ikkje dimensjonane i det som gjekk føre seg i henne. For henne var forfølginga og einsemda grufulle realitetar. Men som barn var eg like mykje lei henne, lei av snakket hennar, lei av den endlause talen, som eg levde meg inn i det ho streid med. Det levande livet i galskapen såg eg ikkje. Eg såg ikkje tilværet hennar frå hennar synsvinkel. Det var nok også for mykje forlangt av eit barn. Men det tørre ved lidinga hennar, dette plagsame ved det, dette at ein på ein måte sveik henne ved ikkje å leva seg inni henne, førte til at ein ikkje kunne sjå galskapen med hjartelag. Det manglande synet for bestemors stordom, skild frå hennar «kongelege» byrd, greidde eg ikkje kvitta meg med før langt oppi mogen alder. Og då eg hadde kvitta meg med den forma for blindskap, kunne eg skriva «om» henne.

Ho innlemma meg i si verd, og på sett og vis var det eit overgrep. Ho skulle ikkja ha gjort det, men ho visste ikkje betre. Ho trudde på meg, evna mi til å lytta, sjølv om den ikkje var der, slik eg har forklart. Ho møtte meg i tråd med ein annan, alternativ logikk, ho kunne ikkje anna. Eg var innanfor hos henne, eg var ein av dei godtatte, ein ho kunne tru seg til, og det var galskapens oppvurdering av eit barn som gjorde at ho hadde ei slik tru på meg. Ho forstod aldri kva ho på denne måten utsette meg for. Ho gav meg, slik ser eg det no så lenge etter, ei overhengande kjensle av å koma til kort, ei kjensle av å vera ein som ikkje kunne hjelpa. Ein som ikkje hadde i seg det som skulle til for å hjelpa. Ein det var noko i vegen med, ein med brest i karakteren. Å våga å sjå dette, denne alvorlege mangelen hos henne, er ein annan føresetnad for å kunna laga litteratur av desse sterkte formande minna.»

 

Kjenne seg igjen
Lars Amund Vaage klarer her å sette utruleg godt ord på noko som eg er sikker på mange kan kjenne seg igjen i. Vi har mange andre stemmer også som beskriv mykje av det same, men med andre ord i antologien vår. Lykke til med lesinga, sa Eva Svendsen på lanseringa.

Vil du lese boka, kan du kjøpe den her

Sjå filmen med Eva Svendsen fra boklanseringa.

 

Del gjerne denne siden med dine venner og meld deg på vårt nyhetsbrev. Ta også en titt i vår nettbutikk

Delta i diskusjonen, skriv en kommentar nedenfor

KJØP VÅRE PUBLIKASJONER


RELATERT INNHOLD

  • Levd liv-antologien: Sorg og songoktober 26, 2016 Levd liv-antologien: Sorg og song Lars Amund Vaage er oppteken av kva som skjer med menneska i eit samfunn der tradisjonane vert borte, av personar som tek val på tvers av det som vert sett på som riktig. Kva skjer med dei […]
  • Sjukdom, språk og litteraturnovember 1, 2016 Sjukdom, språk og litteratur -Dersom det er slik at en lege og pasient snakkar kvar sitt språk og snakkar forbi kvarandre, så finnes det nemlig eit tredje språk: Det skjønnlitterære. Når skjønnlitteraturen skildrar […]
  • En bok om hvor skoen trykkernovember 16, 2016 En bok om hvor skoen trykker  -Vi ville lage en annerledes bok. I antologien har vi mange gode bidrag fra mennesker som vet hvor skoen trykker, eller forfattere som vet at det finnes noen som vet hvor skoen trykker, […]
  • Levd liv-antologien: Den andre mannen og Ugrashakkarenseptember 26, 2016 Levd liv-antologien: Den andre mannen og Ugrashakkaren Forfattaren Olav H. Hauge (1908–1994) levde fleire år av livet på psykiatrisk sjukehus. Desse tunge åra var med på å gjera han til den særmerkte forfattaren han blei. Som pasient blei han […]
  • – Har et betydningsfullt oppdragoktober 31, 2016 – Har et betydningsfullt oppdrag -Ti år er verdt å feire – særlig når temaet er så viktig. Derfor er det hyggelig å stå som «oppdragsgiver» i programmet – for det er ikke ofte at et oppdrag er mer betydningsfullt enn det […]

HANDLEKURV

Handlekurven er tom

SISTE SAKER

  • Nye tall fra langvarig brukerundersøkelse i Helse Nord-Trøndelag
    En langvarig spørreundersøkelse blant brukere av psykisk helsevern og rus har gått de siste 2.5 årene ved Helse Nord-Trøndelag. Enten pasienten har vært til poliklinisk behandling eller hatt et opphold ved en institusjon, så har alle brukere hatt muligheten til å gi tilbakemelding om oppholdet.
  • Retten til å bli hørt
    Arbeider du på en institusjon, og er usikker på valgrettighetene til pasientene? Tror du at det ikke er lov å gi pasientene informasjon om valgdeltagelsen? Er du en pårørende som ikke vet hvordan din nærmeste kan få stemt? Eller er du en pasient som opplever at omgivelsene dine ikke tar valgrettighetene dine på alvor? Vi minner om vårt nye hefte, Angår det meg? I dette heftet er det kommende valget og valgdeltakelsen tema. Det er Arnhild Lauveng ved senteret som står for tekst og illustrasjoner. Vi gjengir her intervjuet med Arnhild i forbindelse med lanseringen før sommeren. I denne kampanjeperioden fram til valget 11. september setter vi ned prisen fra 75,- til 50,-.
  • Forskeren forklarer: Hvordan fungerer utvekslingen av kunnskap mellom forskning og klinikk?
    Ida Lillehagen jobber som forsker ved Universitetet i Oslo og har forsket på hvordan kunnskap utveksles og utvikles i samarbeid mellom forskere og klinikere som samarbeider om forskning.

PÅ SOSIALE MEDIER


Aktuelt

Se alle nyheter i vårt nyhetsarkiv

Fra Twitter