Etterlyser global empati

Kan vi skape ei betre verd ved hjelp av mindfulness?, spør Eva Svendsen, seniorrådgiver ved Nasjonalt senter for erfaringskompetanse innen psykisk helse, i denne artikkelen.

Skrevet av: Astrid Borchgrevink Lund

OPPMERKSOMT NÆRVÆR: Erfaringskompetanses seniorrådgiver Eva Svendsen deltok på Nordiske konferanse om mindfulness for barn og unge,arrangert av Norsk Forening for oppmerksomt nærvær.

Før jul var 450 mennesker frå heile landet samla på Fornebu, Oslo, for å lære korleis mindfulness – oppmerksamt nærver- kan nyttast for at barn og unge kan utvikle større empati, vennlighet, medkjensle, toleranse og evne til å roe seg sjølve ned. Foredragshaldarar frå fleire nordiske land delte erfaringar frå og forskningsfunn på korleis oppmerksomhetstrening over kortare eller lengre tid, virka inn både på barn og unge sitt læringsutbytte, trivsel i skulen  og helsetilstand.  

Jes Bertelsen, grunnleggaren av  Vækstcenteret, Danmark  http://www.vaekstcenteret.dk/ og ein av initiativtakarane av  Foreningen  for børns livskunnskab  http://www.bornslivskundskab.dk/  refererte  til framtidsforskar Jeremy  Rifkin som har uttalt fylgjande: ” En verden i krise, trenger et globalt sprang i empati” og  opna sitt foredrag med å stille spørsmålet: korleis kan empati utviklast? Han understreka at dette tar TID og at han gjennom dei siste 25 åra har vore opptatt av å finne måtar vi som menneske kan auke vår eigen og våre barn sine empatiske evne på med utgangspunkt i våre medfødt kompetanser.

For at vi skal kunne utvikle empati, må vi ha kontakt med både kropp og sjel. Vi har hatt ein tendens til å  tru at det er kun EIN strategi som skal til for å utvikle ei slik heilheitsoppleving av oss sjølve. Og i perioder har for eksempel yoga, qi gong, meditasjon, avspenning, massasje osv. vore svaret på korleis vi kan utvikle oss. Han har kome til at vi må kombinere fleire måtar å jobbe med oss sjølve på, for å skape eit indre og ytre miljø for utvikling av empati.  Han  har difor vore med på å utvikle  ein modell – pentagram – som kan vere ein inspirasjon å arbeide utifrå. Hjertets intelligens og empatiske evne kan i fylgje Bertelsen, utviklast gjennom fem ulike kanalar: auka medvet, fokus på pust, opne hjartet for andre, merke  kroppen og aktivere fantasi og  kreativitet. Han foreslår å bruke fire til fem kanalar i så vel oppdraginga av born som i eigenutvikling. 

Ved fleire studie med skuleelevar som fekk trening metoder frå Drømmen om det gode  http://www.dreamofthegood.org/ nemleg å sitte stille, trene qigong og gi kvarandre massasje  i 15 min. to gangar i veka i åtte veker, fant  lektor  Yvonne Terjestam ved Linnèuniversitetet i  Växsjö, Sverige, http://lnu.se/personal/yvonne.terjestam,  at elevane vart mindre stressa, rapporterte færre psykosomatiske plager  og fekk betre sjølbilete enn elevane i kontrollgruppene.

Forfattaren Peter Høeg frå Foreningen for børns livskunnskab viste oss kva som må til  for å hjelpe eit barn eller eit medmenneske tilbake til seg sjølv når det har opplevt noko rystande og smertefullt. Han brukte eit døme der barnet har blitt slått av kameraten og kjem til far for å få trøst:

  1. Møte den andre der den andre er og skape eit tryggt rom. Far bøyer seg ned i barnet si høgde og omfavner det.
  2. Sjå den andre, møte kjenslene som kjem og sjølv vere roleg. Far lar barnet gråte utan at han prøver å avlede, bagatellisere eller bli sint på vegne av barnet.
  3. Ta inn den andre sine kjensler, la hjartet opne seg og kjenne omsorg. Far kjenner kor vondt barnet har det og lar varme kjensler strøyme mot barnet.
  4. Ha heile si merksemd hjå barnet og hjelpe det til å kome tilbake til sin eigen kropp.
  5. Far venter til barnet er klar for å fortelje kva som har hendt utan å måtte handle på det han høyrer der og då. Gjennom denne måten å bli møtt på, kan barnet bli  klar for å gå ut i verda igjen og gjere nye erfaringar.

Han meiner det er mogleg å auke tilgangen til den kollektive visdomen, større  evne til å vere her og no og høve til større empatiske evne og hjarteopning, gjennom å  trene oppmerksamt nærver minst 20 min. dagleg. Og om ein får veiledning av ein mentor og deltar på retreat minst ein gong i året, vil ein bli tatt av ei slags gravitasjonskraft som fører den personlege utviklinga  stadig vidare.

Journalist og økonom Kathrine Aspaas http://www.aspaasmedia.com/CV.html avslutta konferansen med foredraget ” Raushetens tid” der ho delte si  eiga  sårbarheit og viste  styrken som ligg i å kunne møte seg sjølv og andre med aksept og rausheit. Dei fantastiske muligheitene som ligg i å feile, uttrykker ho gjennom begrepet  feiltastisk. I staden for å døme seg sjølv prøver ho å sjå kva ho kan lære av feila sine  og på den måten gjere feiltakinga om til noko feiltastisk.  Ho avslutta  med eit sitat frå forskaren Brené Brown: ” Sårbarheten er fødestedet for innovasjon, kreativitet og forandring, Sårbarhet er vårt mest presise mål på mot”.

Omtalen er basert på deltaking av andre dagen.

For meir informasjon frå konferansen, kan du gå inn på http://nfon.no/

Vil du låne bøker om Mindfulness eller Oppmerksomt nærver, kan du ta kontakt med biblioteket ved  Nasjonalt senter for erfaringskompetanse innen psykisk helse. http://www.erfaringskompetanse.no/erfaringsbase

Del gjerne denne siden med dine venner og meld deg på vårt nyhetsbrev. Ta også en titt i vår nettbutikk

Delta i diskusjonen, skriv en kommentar nedenfor

KJØP VÅRE PUBLIKASJONER


RELATERT INNHOLD

HANDLEKURV

Handlekurven er tom

SISTE SAKER

  • Forskeren forklarer: Ansvarsgrupper uten anerkjennelse er nytteløst og uheldig
    I mars i år disputerte Siv Elin Nord Sæbjørnsen for doktorgraden ved Høgskolen i Molde. Doktoravhandlingens tittel var Exploring adolescent service users’ subjective views about participation in ”responsible teams”, som på norsk kan oversettes med ”Utforskning av unge tjenestebrukeres subjektive syn på deltakelse i ansvarsgrupper”.
  • Nye tall fra langvarig brukerundersøkelse i Helse Nord-Trøndelag
    En langvarig spørreundersøkelse blant brukere av psykisk helsevern og rus har gått de siste 2.5 årene ved Helse Nord-Trøndelag. Enten pasienten har vært til poliklinisk behandling eller hatt et opphold ved en institusjon, så har alle brukere hatt muligheten til å gi tilbakemelding om oppholdet.
  • Retten til å bli hørt
    Arbeider du på en institusjon, og er usikker på valgrettighetene til pasientene? Tror du at det ikke er lov å gi pasientene informasjon om valgdeltagelsen? Er du en pårørende som ikke vet hvordan din nærmeste kan få stemt? Eller er du en pasient som opplever at omgivelsene dine ikke tar valgrettighetene dine på alvor? Vi minner om vårt nye hefte, Angår det meg? I dette heftet er det kommende valget og valgdeltakelsen tema. Det er Arnhild Lauveng ved senteret som står for tekst og illustrasjoner. Vi gjengir her intervjuet med Arnhild i forbindelse med lanseringen før sommeren. I denne kampanjeperioden fram til valget 11. september setter vi ned prisen fra 75,- til 50,-.

PÅ SOSIALE MEDIER


Aktuelt

Se alle nyheter i vårt nyhetsarkiv

Fra Twitter