Etterlyser meir forsking

-Vi håper det vert satt av nok midlar til brukerorientert forsking og at alle tiltaka som nå blir satt i verk, blir grundig evaluerte over lengre tid. Vi veit at kultur og haldningsendringar må til for at medisinfri behandling skal bli en naturlig del av tjenestetilbudet og at dette vil ta mange år.

Skrevet av: Astrid Borchgrevink Lund

TRENG MIDLAR: - Vi håper det vert satt av nok midlar til brukarorientert forsking og at alle dei tiltaka som no vert satt i verk, blir grundig evaluerte over lengre tid, sa seniorrådgiver Eva Svendsen. (Foto: Per Åge Eriksen)

Det sa seniorrådgiver Eva Svendsen da ho innleia Erfaringskompetanses paneldebatt 21. april. Her er hennar innlegg slik ho presenterte det føre et engasjert publikum og panel på Litteraturhuset i Oslo. (last ned innleiinga i PDF for utskrift her)

Valfridom med omsyn til behandling utan medisinar ved alvorlege psykiske lidingar og krisetilstandar.

Godt folk!

Kva legg vi i medisinfrie tilbod? Kva vil  eit medisinfritt behandlingstilbod måtte innehalde  til dømes i ei akuttfase ved alvorlege lidingar? Kva slag kunnskapsgrunnlag skal desse tenestene bygge på?
Kvar står vi når det gjeld helseministerens påbod til helseføretaka om å planlegge og starte medisinfrie behandlingstilbod innan 1.juni i år?
Dette er  nokre av dei spørsmåla Nasjonalt senter for erfaringskompetanse innan psykisk helse håper kan vere i fokus i denne paneldebatten. Slike samtalar som vi inviterer til i kveld, trur vi kan avdekke kunnskapshol og vere med på å tydeleggjere utfordringsbiletet vi står overfor når det gjeld større valfridom i behandlinga innan psykisk helse og rus.

Allereie i 2010 fekk helseføretaka oppdrag frå departementet om å utvikle medisinfrie behandlingstilbod.  Då ingenting syntest å skje som fylgje av dette oppdraget, tok brukarorganisasjonane initiativet i 2011 til eit samarbeid for å få til medisinfrie tilbod under ein brukerorganisasjonskonferanse arrangert av Nasjonalt senter for erfaringskompetanse. I etterkant vart «Fellesaksjonen for medisinfrie behandlingsforløp» etablert med dei fem organisasjonane Mental Helse, Hvite Ørn, Landsforeningen for pårørende innen psykisk helse, Aurora og We Shall Owercome (WSO) som initiativtakarar. Desse brukar- og pårørandeorganisasjonane står samla bak kravet om at det vert oppretta medisinfrie einingar i alle  helseforetaka og dei har lagt føringar for kva dette bør innehalde: Nemleg

  • Høve til ein døgnbasert retreatstad, ein trygg kvilestad
  • Omsorg og god informasjon om kva slags hjelp ein kan få
  • Hjelp til praktiske problem
  • Tilbod om ulike behandlingsmetodar
  • Møte med personale/personar som har erfaringskompetanse

Pasienten som ynskjer å slutte med medikament, få hjelp til å trappe ned og eventuelt slutte eller endre medisinar,- og må få hjelp til å finne nye mestringsstrategiar og leve utan medisin.

Aksjonen understreka at det trengst medisinfrie tilbod på alle nivå: frå omsorgstilbod i kommunane og brukarstyrte senter til heildøgnstilbod med intensiv behandling.

Og medisinfrie behandlingsforløp handlar ikkje om å vere for eller mot medisinar. Det handlar om høvet til å velgje den behandlinga du sjølv har tru på og ynskjer. Og til å få nok informasjon som grunnlag for dette valet.

Helseministeren lovte på Toppmøtet innan psykisk helse  og rus 2014  som vi arrangert, at han skulle sjå til å få fortgang i gjennomføringa av oppdraget. Etter Toppmøtet overleverte vi våre tilrådingar til ministeren i 5 punkter. Fleire av desse har han fulgt opp gjennom Nasjonal helse- og sykehusplan (2016 – 2019) der Helse- og omsorgsdepartementets krav til regionale helseføretak om etablering av medisinfrie behandlingstilbod vart tydeleggjort. Medikamentfri behandling skal no bli tilgjengeleg i heile landet for pasientar som ynskjer eit terapeutisk alternativ til medisinar. Det skal etablerast ei eining i kvart helseføretak og to i Helse Sør Øst. Tilboda skal utviklast i nært samarbeid med lokale og regionale brukarorganisasjonar. Også dei pasientane som ynskjer å bruke færre medikament og/eller lavare dosar skal no kunne få eit tilbod. Tidlegare i denne veka snakka eg med ei fortvilt mor som hadde blitt fortalt av 4 ulike psykiaterar at medisinfrie tilbod gjeld ikkje for psykose og pasientar med schizofrenidiagnose. Dette må ikkje bli praksisen.

Innan 1. mars hadde alle helseføretaka levert rapportar til departementet om kvar dei står i planlegginga. I fylgje rapportane er det  Helse Vest, Helse Nord og Helse Midt-Norge som har konkretisert planane om kvar ei medisinfri eining skal ligge. I Bergen vil dei ta utgangspunkt i eit etablert psykoseforløp/pakkeløp og  etablere eit pilotprosjekt med ei eiga eining ved Kronstad DPS. I Tromsø vert det etablert ei avdeling for nysjuke der pasientar frå heile føretaksområdet kan få medisinfri behandling og pasientar med psykose og bipolar lidingar blir prioritert. Ved Vegsund Distrikts Psykiatrisk Senter skal det innhentast systematisk erfaringar  med medikamentfri behandling og nedtrapping av medisinbruk i løpet av 3,5 år. Fleire av helseføretaka har konkrete planar for betring av  rutinane når det gjeld oppfylgjing av medisineringa, nedtrapping og seponering. Og det er foreslått å fylgje opp meir systematisk registrering av forbruk av psykofarmaka ved nokre av helseforetaka.

Kva er så kunnskapsgrunnlaget for medisinfrie behandlingstilbod innan psykisk helse?
Vi møter ofte spørsmålet: Er det fagleg forsvarleg å ikkje dempe symptom med medisin når eit menneske har det uuthaldeleg eller er til fare for seg sjølv og/eller andre? Vi møter ikkje like ofte spørsmålet: Korleis kan vi styrke forskinga på andre tilnærmingar til behandling av psykosar i ein akutt fase?

Medikamentell behandling av psykiske lidingar har vore ein naturleg del av psykiatrisk behandling sidan 1950-talet og er framleis tilrådd som ein viktig del av ansvarleg behandling av psykosar i fylgje nasjonal fagleg retningsline for utredning, behandling og oppfølging av personer med psykoselidelser. Grunngjevinga for bruk av psykofarmaka har vore bygt på ein  intensjon om å styrke personen sine evne til å mestre problema sine, lindre dei kjenslemessige utfordringane, regulere impulsar og lette symptomtrykk. Etter kvart har det kome fram stadig nye fortellingar om menneske som opplever å blir møtt med resept og medisin i staden for ei skulder å gråte på eller ein stad å vere som kan gi dei tryggleik. For mange er det nemleg dette det handlar om når kjenslene vert så vanskelege å halde ut at ein mister kontroll over seg sjølve. Medisin har for nokre  vore opplevd som den einaste hjelpa dei har fått i den akutte fasa,-gjerne mot eins eiga vilje. Mange fortel at den medikamentelle behandlinga ikkje har hjelpt, men heller skapt nye problem som vektauke, initiativløyse og aggresjonsutfall. Fleire fortel at dei  ikkje tør å oppsøke hjelp seinare fordi dei er redde for tvang og tvangsmedisinering. Bi- og seinverknader har blitt underkommunisert samstundes som talet på diagnosar og nye medikament som skal kurere eller dempe symptom, har eksplodert.

Er det mogleg å utvikle andre metodar for å roe ned eit kaotisk sinn enn kjemiske stoffer? I så fall, kvifor brukar vi ikkje meir ressursar på forsking og kunnskapsutvikling på dette området?

Den erfaringsbaserte brukarkunnskapen må ligge til grunn når det skal etablerast einingar som skal kunne tilby valfridom når det gjeld medikamentell behandling. Vi veit at pasientar har klart å trappe ned og slutte med store dosar antipsykotica, nevroleptica og antidepressiva ved eiga hjelp. Men dei etterlyser eigne avdelingar der det er profesjonelle som har kunnskap om dei fysiske og mentale prosessane seponeringa fører med seg. Og fagfolk som kan nok om menneskekroppen til å gi råd når det gjeld demping av abstinensar og som kan formidle ulike ernæringstips, kognitive teknikkar, ortomolekylær medisin og alternativ medisin. Pilotprosjekt over minst 5 år med avdelingar for nedtrapping og seponering av medisin og fylgjeforsking ynskjast hjarteleg velkomen. For dei akutt sjuke, har vi døme på menneske som har levt gjennom psykosar utan medisin takka vere trygge fagfolk og omsorgsfulle omgivnader. Når vi no får einingar ved alle helseføretaka som skal gi eit medikamentellfritt behandlingstilbod, håper vi dette også kan gjelde for dei som har ynskt medisinfri behandling ved akutt innlegging, til dømes gitt uttrykk for dette gjennom ein kriseplan. Og at det vert satsa på utradisjonelle og  allsidige behandlingstilnærmingar og  tilstrekkeleg personalressursar med tverrfagleg kompetanse og erfaringskompetanse i desse avdelingane. Vi ser fram til å samle erfaringar frå slike tilbod og slik kunne styrke kunnskapsgrunnlaget for tenesteutviklinga vidare.

Kva kan gå gale?
Det største hinderet for behandling utan medisin er behandlarane si frykt for at pasienten skal bli dårlegare og kan skade seg sjølv eller andre og at ein som behandlar blir saksøkt om det skulle gå gale.

Psykoselidingar med ustabile og store adferdsforstyrringar, maniske pasientar og dei aller mest sjølmordstrua vil fortsatt trenge døgnopphald på akuttavdeling. Dersom det er mogleg innafor rammene for forsvarleg helsehjelp, skal pasienten få tilbod om og ha rett til å velgje mellom ulike og tilgjengelege behandlingsmetodar i fylgje pasientrettighetsloven, paragraf 3-1.

Sett frå ein behandlar sitt perspektiv vil spørsmålet om fagleg forsvarleg behandling ofte bli utløyst av redsel for ikkje å fylgje lover og reglar eller press frå pårørande, miljøpersonale og andre. Men også med bakgrunn i fagkunnskap og medisinsk etikk, og den hippokratiske eden: plikt til å lindre og hjelpe der ein kan. Og kva er forsvarlig behandling i ein akutt situasjon? Spørsmålet om kva som er forsvarleg behandling i eit fagperspektiv, kan for mange pasientar bli eit hinder for å iverksette den behandlinga dei ynskjer seg.

Kva som er forsvarleg frå eit brukarperspektiv handlar om at brukaren må sjølv vere eigar av behandlingsopplegget og skipper på eiga skute. For mange er det nødvendig med medisinar i periodar. Det å  sjølv kunne velgje dette, er viktig for mange. At pasientar får hjelp til å utarbeide ein kriseplan som viser korleis vedkomande ynskjer å bli møtt ved eventuell forverring av den psykiske tilstanden,  har for mange vist seg å vere nyttig

Dersom det ikkje vert sett av nok ressursar i dei medisinfrie einingane og personalet ikkje blir trygga godt nok ved å gi dei ryggdekning gjennom lovverket, retningsliner og veiledarar for medisinfri behandling, vil dette vere det største hinderet for at vi lukkast med nødvendig kultur- og haldningsendringar og  å utvikle gode medisinfrie alternativ.

Forutan eigne avdelingar som kan tilby medisinfri behandling, trengst kunnskapsformidling til fastlegar og fagfolk innan psykisk helse og rus når det gjeld medikamentell behandling. Nokre av helseføretaka har tatt dette med i sine planar, noko som vi ser på som svært positivt og  nødvendig om vi skal få ned medisinbruken generelt i samfunnet vårt og forebygge kronifisering for mange med alvorlege lidingar.

Kva slags behandling vil brukarane ha?
Vi i Nasjonalt senter for erfaringskompetanse innen psykisk helse er opptatt av å tydeliggjere kva brukarar og pårørande seier er god behandling og aktuelle alternativ til dagens tilbod.

Det finst behandlingsformar utover det meir tradisjonelle som brukast i psykisk helsevern i dag. Kunst og uttrykksterapi, gestaltterapi, musikkterapi n og  fysisk aktivitet er døme på dette. Det er utvikla nettverksmodellar og empowerment/recoveryorienterte modellar som er tatt i bruk med god effekt både i Norge og i utlandet. Brukarstyrte plassar og åpen dialog og nettverkssamtalar er andre døme. Men er desse behandlingsformene åleine tilstrekkelege i ei akuttfase for dei med størst helseutfordringar? For nokon ja, for andre nei.

Både brukarar og behandlingsforskinga fortel at relasjonen er ein svært viktig reiskap for god behandling, og relasjonar bygd på tillit tek tid. For menneske i krise, menneske i psykose, er det kanskje ikkje slik at effektivitet på kort sikt er det som løner seg på lang sikt. I ei krise må tryggleik og gode menneskemøter vere det mest sentrale. Det handlar ofte om å finne igjen håpet og livsmotet og å få til eit liv med meining.

Avdelinga må difor ikkje vere for stor, ein slik post vil krevje god og høg bemanning, og at ein legg opp til individuelle løp. Fysisk aktivitet og kreative aktiviteter er viktige tilbod for mange. Andre treng massasje og ro.  Å få kostrettleiing og lage helse- og livsstilsplan kan vere nyttige reiskapar. I det heile er det mangfald og individuell tilrettelegging som er nøklane til eit godt tenestetilbod i eit brukarperspektiv.

Vegen vidare
Vi håper det vert satt av nok midlar til brukarorientert forsking og at alle dei tiltaka som no vert satt i verk, blir grundig evaluerte over lengre tid. Vi veit at kultur og haldningsendringar må til for at medisinfri behandling skal bli ein naturleg del av tenestetilbodet og at dette vil ta mange år.

Vi har allereie private aktørar som har utvikla spennande recoveryorientert tilbod ved Hurdalssjøen recoverysenter. Håper også dette tilbodet vert fulgt opp med evaluering og fylgjeforsking, slik at vi kan lære av dei feil og dei sigrar som vert gjort.

Høgskolen i Hedmark i samarbeid med Nasjonalt kompetansetjeneste for samtidig rusmisbruk og psykisk lidelse ROP har eit spennande doktorgradsprosjekt på gang som forhåpentlegvis vil gi oss nyttig kunnskap om dilemmaer og muligheiter ved utvikling av medisinfrie behandlingforløp.

Etter ei prøverperiode med ei eining i kvart helseforetak og med forhåpentlegvis mange nyttige erfaringar, må kunnskapen spreiast og medisinfrie behandlingstilbod etablerast ved alle institusjonar og bli ein naturleg del også i dei kommunale tenestetilboda.

Eg ser fram til samtalane her i kveld og håper at vi kjem eit stykke vidare i kunnskapsutviklinga om medisinfrie tenestetilbod.

Takk for at de lånte dykkar øyre!

Seniorrådgiver Eva Svendsen

Les denne og fleire andre saker om temaet her: http://www.erfaringskompetanse.no/nyheter/krever-medisinfrie-behandlingstilbud/

 

Del gjerne denne siden med dine venner og meld deg på vårt nyhetsbrev.
Skriv gjerne en kommentar nedenfor. Vi ber alle om å bruke vanlig folkeskikk når de kommenterer og husk at det som skrives blir lest av mange andre. Vi fjerner meldinger med trakassering og hat, og falske profiler. Vennlig hilsen redaksjonen.

RELATERTE SAKER


KJØP VÅRE PUBLIKASJONER

HANDLEKURV

Handlekurven er tom

SISTE SAKER

PÅ SOSIALE MEDIER


Aktuelt

Se alle nyheter i vårt nyhetsarkiv

Fra Twitter