- Ikkje få skuldkjensle
KRISEPSYKIATRI:
Det gjerast mykje godt krisepsykiatrisk teamarbeid i desse dagar. Ideen om at vi skal ”snakke om det” synest ikkje alltid å vere det rette, seier seniorrådgivar Eva Svendsen ved Nasjonalt senter for erfaringskompetanse innen psykisk helse, etter terrorangrepet 22. juli.
(FOTO: ASTRID BORCHGREVINK LUND)
- Nokre har eit enormt behov for å snakke om det som har skjedd, medan andre ikkje har det. Men dei må ikkje bli møtt med spørsmål om kvifor du ikkje gjorde slik eller slik i den gitte situasjonen. Dette skaper berre skuldkjensle, meiner seniorrådgivar Eva Svendsen.
Nasjonalt senter for erfaringskompetanse innen psykisk helse har god kunnskap om brukere og pårørendes erfaringer i forbindelse med traumer. Seniorrådgivar Eva Svendsen tar opp temaet etter terrorangrepet 22. juli og kommenterer også 28 år gamle Arnt Helge Halvorsens historie . På Erfaringskompetanse.no har han fortalt hvordan han opplevde ”Sleipner-forliset” i 1999, tiden etterpå, hva slags behandling han fikk og hva han savnet. Halvorsen håper hans erfaringer kan være til nytte for terrorofrene og pårørende.
Hva skje i etterkant
- Arnt Helge Halvorsen har ei sterk historie å fortelle. At han ikkje har fått tilbake konsentrasjonsevne og har framleis læringsvanskar etter ”Sleipner-forliset”, har hatt alvorlege konsekvensar for livet hans. Eg synest han kjem med gode råd til lærarar så vel som helsepersonell, som skal møte og fylgje opp den einskilde ungdomen etter Utøya massakren. Hadde Arnt Helge, familien og vennene hans fått informasjon om at han kunne få søvnvansker, indre uro og konsentrasjonsproblem ei god stund etter ulykka, hadde dette hjulpe han. Å få vite kva som kan skje i etterkant og at det finst hjelp å få er heilt sentralt. Og at alle er forskjellige og har ulike behov for hjelp og støtte. Ikkje minst er det stor skilnad om ein treng lang eller kort tid til behandling og til å kome tilbake i normalt gjenge, seier Svendsen.
Dele opplevingar
- Nokre har eit enormt behov for å snakke om det som har skjedd, medan andre ikkje har det. Men det som ser ut til å gjelde alle, er at dei ikkje må bli møtt med spørsmål om kvifor du ikkje gjorde slik eller slik i den gitte situasjonen. Dette skaper berre skuldkjensle. Det å vere i same situasjonen med fleire, synest også å ha ein dempande og/eller helande effekt, - å kunne dele sine opplevingar med andre som har opplevt det same eller noko liknande.
Skap nye ”spor”
Korleis virkar det på menneske som har opplevt å bli trua på livet og har sett nære venner og familie bli drept, å måtte fortelje historia si i etterkant? Forsking viser at etter store traumer kan ein oppleve at sansane låser seg fast i traumebileta. Å fortelje hendinga på nytt og på nytt, er då med på å forsterke denne låsinga. Det er difor viktig å få sansane i rørsle att. Gjennom til dømes dei ulike kunstuttrykka som maling, musikk og bevegelse kan ein aktivisere ulike sanseorgan. Å vitje kunstutstillingar, gå på konsertar og spise gode måltider saman med venner, kan verke fremmande på helingsprosessen. Det gir høve til å kome vekk frå den fastfrosne tilstanden og skape nye ”spor” i hjerna. Ein kan også bearbeide traumet aktivt gjennom å male, skape musikk, danse saman med ein terapeut. I mange tilfelle er det vanskeleg å sette ord på korleis ein har det etter ei alvorleg hending, då er det godt å bruke kunstuttrykka fordi dei er ordlause.
Gjenopprette livet
Det gjerast mykje godt krisepsykiatrisk teamarbeid i desse dagar. Ideen om at vi skal ”snakke om det” synest ikkje alltid å vere det rette. Håper at alle får den hjelpa den einskilde treng til å gjenopprette livet så snart som mogleg. Som Atle Dyregrov seier:” Fra mange ulike undersøkelser vet vi at motstandskreftene i mennesket er store.” Det er snakk om å bli sett og møtt som den ein er og bli gitt den tida ein treng, presiserar Eva Svendsen.
Har du en historie fra psykisk helsefeltet du ønsker å dele med andre? Les mer her om hvordan du kan dele din historie i Kunnskapsbasen eller send oss en mail til post@erfaringskompetanse.no
Publisert: 10:21 - 05. august 2011
Relaterte saker
- Når mange vet best
- Oppfordrer til større brukermakt
- Nye veier til vendepunkt
- - Fullt mulig å komme på banen igjen
- Trøstet ofre og pårørende etter terrorangrepet
- Et samlet folk
- Hver må finne sin vei
- - Stod imot presset
- Fortid, nåtid og framtid
- En å snakke med
- Bekymret for økonomien
- - Sliter med voldsomme traumer
- Nøkkelen til bedring
- Erfaringer med traumehjelp
- Hvem er eksperten på livet ditt?
- Hvem er eksperten?
- Trenger mer forskning på psykisk helse
- Framtidas yrkesgruppe?
- Veier til et bedre liv
- Krisetid
Relaterte filer
E-post - post@erfaringskompetanse.no
Det kan siteres fra denne siden under forutsetning av at det henvises tydelig til kilden Erfaringskompetanse.no. Erfaringskompetanse.no legger redaktørplakaten til grunn for sin virksomhet.
Ansvarlig redaktør: Hilde Hem








