Levd liv-antologien: Den andre mannen og Ugrashakkaren

Forfattaren Olav H. Hauge (1908–1994) levde fleire år av livet på psykiatrisk sjukehus. Desse tunge åra var med på å gjera han til den særmerkte forfattaren han blei. Som pasient blei han møtt og sett som eit heilt menneske, på ein verdig måte, skriver Knut Olav Åmås i antologien «Levd liv» som Erfaringskompetanse gir ut i forbindelse med 10-årsjubileet.

Skrevet av: Ekstern bidragsyter

DIKTING OG SJUKDOM I LIVET TIL OLAV H. HAUGE: Her er eit utdrag frå Knut Olav Åmås sitt bidrag i Erfaringskompetanse-antologien «Levd liv».

Det var ofte han ikkje hadde kontroll over seg sjølv, og han blei henta med makt og tvang heime i Ulvik i Hardanger for å bli innlagd på Valen i Sunnhordland. Men han tok sjølv kontroll over plassen sjukdomen fekk i livet, og krysta dei innsikter han kunne ut av den – gode som smertefulle. Kvar gong han kom tilbake til sjukehuset merkte han kor mykje forandra langtidspasientane var blitt, og dei mange inngrepa og den tunge medisineringa gjorde han kritisk til fleire sider ved den institusjonelle psykiatrien i slutten av det 20. hundreåret. Hans eiga sjukdomshistorie fekk ikkje desto mindre ein god slutt.

 

Heile livet på éin stad
Hauge blei fødd i Ulvik og døydde også der. I dag reknar mange han som den fremste lyrikaren i Norge i etterkrigstida. Korleis har han fått ein slik posisjon, denne poeten som heile livet dyrka både orda og jorda? Han var utdanna som gartnar og dreiv ein liten frukthage. Nesten heile livet budde han i Ulvik, og gifta seg først det året han fylte sytti.

 

Olav H. Hauge skreiv og skreiv frå han var tolv, men debuterte først 38 år gammal i 1946 med boka Glør i oska, og gav ut berre sju diktsamlingar. I 1961 fekk han den viktige Kritikarprisen for samlinga På Ørnetuva, men det endelege litterære gjennombrotet hans kom først med Dropar i austavind i 1966. I åra som følgde blei «gartnaren i Ulvik» ei levande legende og mykje av ein kultfigur for både forfattarar og talrike lesarar.

Han har framleis ein heilt særeigen posisjon i norsk litteratur, og blir dyrka av dei mest kresne kritikarar samstundes som han er ein av landets mest folkekjære lyrikarar. Allereie mens han levde opplevde Olav H. Hauge å sjå dikta sine omsette til 25 språk.

Antologien «Levd liv» blir lansert på Litteraturhuset i Oslo 27. oktober, men kan bestilles fra vår nettbutikk allerede nå. Boka vil bli sendt ut fortløpende etter lanseringsdatoen. Hele artikkelen kan leses når boka er lansert.

Knut Olav Åmås (fødd 1968) er direktør i Stiftinga Fritt Ord frå 2014. Han er ekstern kommentator i Aftenposten og leiar for regjeringas nou-utval om det norske mediemangfaldet. Han har tidlegare mellom anna vore statssekretær i Kulturdepartementet (2013–2014), redaktør for kultur, debatt og forsking i Aftenposten (2006–2013), redaktør i Samtiden (2001–2006) og forlagsredaktør i Universitetsforlaget (1996–2000). Åmås har skrive, redigert eller omsett 17 bøker, den siste utgjevinga er Wien. 100 unike opplevelser i 2016 (forfattar, saman med Knut Aastad Bråten). Åmås har hovudfag i filosofi frå Universitetet i Bergen med ei hovudoppgåve om Ludwig Wittgensteins filosofi og er Dr. philos. på ei avhandling og bok om Olav H. Hauge.

Erfaringskompetanse med bok og jubileum.

 

 

Del gjerne denne siden med dine venner og meld deg på vårt nyhetsbrev. Ta også en titt i vår nettbutikk

Delta i diskusjonen, skriv en kommentar nedenfor

RELATERTE SAKER


KJØP VÅRE PUBLIKASJONER

HANDLEKURV

Handlekurven er tom

SISTE SAKER

  • Medisinfri behandling i psykisk helsevern: DPS Vegsund
    I Helse Midt-Norge tilbys medisinfri behandling ved DPS Vegsund, der spesialsykepleier Anja Mari Bjørkavåg er prosjektleder for regionalt medikamentfritt behandlingstilbud ved avdeling for DPS Sunnmøre. Med seg har hun et bredt tverrfaglig sammensatt team på ni personer.
  • Forskeren forklarer: Brukermedvirkning er ikke alltid et gode
    Ann-Helen Henriksen har forsket på hvordan brukermedvirkning skaper nye problemer og dilemmaer for forholdet mellom pasient og behandler.
  • Medisinfrie behandlingstilbud i psykisk helsevern
    På nettsiden vår vil vi fremover presentere noen av de nylig etablerte medisinfrie tilbudene i psykisk helsevern. Dette er tilbud som ble opprettet med bakgrunn i oppdragsbrev til de regionale helseforetakene fra Helse- og omsorgsdepartementet 2015.

PÅ SOSIALE MEDIER


Aktuelt

Se alle nyheter i vårt nyhetsarkiv

Fra Twitter