Alternative veger til bedring

– Kanskje treng vi ikkje fleire millionar for å drifte sjukehusa, men mindre administrasjon og fleire menneske som kan møte den sjuke på den sjukes arena, skriv Erfaringskompetanses seniorrådgiver Eva Svendsen.

Skrevet av: Astrid Borchgrevink Lund

NASJONALT KUNNSKAPSLØFT: Det trengs eit nasjonalt kunnskapsløft for å forstå mekanismane som ligg bak god helse, meiner seniorrådgiver Eva Svendsen ved Nasjonalt senter for erfaringskompetanse innen psykisk helse. (FOTO: THOMAS ØVERBØ)

I desse dagar har vi ein heftig debatt om organisering av spesialisthelsetenesta, innsparingstiltak og effektivisering. Diskusjonen har ein tendens til å bevege seg vekk frå pasienten og det som er essensen i problema vi står overfor i norsk helsepolitikk. Kanskje treng vi ikkje fleire millionar for å drifte sjukehusa, men mindre administrasjon og fleire menneske som kan møte den sjuke på den sjukes arena, foreslår Svendsen og forsett:

Mange veger
– Eg har lest ei bok som viser at det gjerast viktig forskning og mange nyttige erfaringar å bygge helsenorge på. Boka stadfesta for meg at det finst like mange veger til helbredelse som det finst mennesker. Det er heilt sentralt at det finst hjelparar i tenesteapparatet som er opne for å lytte til den hjelpsøkande sine eigne opplevingar av sjukdomen. Ein skal ikkje trenge å vere heldig for å bli møtt med respekt og vyrdnad og å  få den behandlinga ein sjølv trur på og opplever som rett for seg,- det skulle vere ein menneskerett. Boka heiter ”Alternative veier – Pasienter med eksepsjonelle sykdomsforløp”, av Tove Kruse og Anita Salamonsen.

Viktig eigeninnsats
I fyrste delen av boka fortel fire menn og fire kvinner som er diagnostisert med kreft, multippel sklerose og CFS/ME om sine eksepsjonelt gode sjukdomsforløp knytta til bruk av alternativ behandling. Dei har registrert sine erfaringar i Register for eksepsjonelle sykdomsforløp(RESF) ved Universitetet i Tromsø. Vi får del i dei erfaringane og den kunnskapen som desse åtte pasientane har fått gjennom sine møter med diagnosa, sjukdomen, hjelparane og dei ulike hjelpetilboda. Fleire av forfattarane understreker kor viktig eigeninnsatsen har vore for helingsprosessen. Nokre skriv at dei ikkje kunne tenke seg å ha vore denne erfaringa forutan.

Individtilpassa behandling
Men det har kosta mykje,- både økonomi og krefter har blitt tappa for å finne den rette behandlinga. Nokre av dei råda som vart gitt av pasientane  for å få til eit betre behandlinglingstilbod for den einskilde var: Behandlinga må vere individtilpassa og kan vere forskjellig til tross for same diagnosen,  ein må tenke heilheitleg  og ikkje skille psyke og soma, styrke motivasjonen og viljen til eigeninnsats der dette mangler, sjå på symptoma som at noko er galt i livet, ikkje berre i kroppen. Det trengs eit nasjonalt kunnskapsløft for å forstå mekanismane som ligg bak god helse.

Sjå si historie
I andre delen får vi eit kapittel om forskinga på norske og danske pasienter sine eksepsjonelt gode sjukdomshistorier gjort på materialet som finst i RESF. Per 31.12 hadde dei 346 pasienthistorier med ulike somatiske diagnoser, og dette studiet er gjort med utgangspunkt i dette materialet. Det er basert på spørreskjemadata kombinert med djupneintervju. Fleire forskingsartiklar er tilgjengeleg frå dette studiet.  Det ser ikkje ut til å vere dei alternative behandlingsformene som i seg sjølv eller åleine gjer at pasientane definerer si sjukdomshistorie som spesielt positiv. Dei vektlegg fleire og meir komplekse sider ved effekten av å bruke alternativ behandling enn det som kan målast i tradisjonelle effektstudier. Eigeninnsatsen går igjen. Det å sjå si personlege historie og livsstil er medverkande faktorer. Dei nevner i liten grad samfunnsmessige samanhenger i si årsaksforklaring. Det vert problematisert at vår tids psykologiske teoriar om sjukdom er eit kraftfullt middel når det gjeld å gi den sjuke skulda for eigen sjukdom.

Eit svar
Det tredje kapittelet inneheld innspel og refleksjonar rundt pasientane sin bruk og erfaringar med alternative behandlingsformer. Det er pasientorganisasjonar, organisasjonar for alternative behandlarar og organisasjonar for leger og helsefagstudentar som har lest pasienthistoriene i denne boka og deler sine perspektiv med lesaren. Norsk forening for allmennmedisin forstår pasientane sin aukande bruk av alternativ behandling som eit svar på at vestlege bioteknologiske medisinen ikkje kan lindre der andre innfallsvinklar kan.
 I det siste kapittelet diskuterer forfattarane kor viktig desse erfaringane er som pasientane i boka kjem med: Kvar går vegen vidare for pasientar og det offentlege helsevesenet?

Stort materiale
Denne boka er eit viktig bidrag til å forstå meir om kva som må til for at helsetilboda skal bli best mogleg for den einskilde pasienten. Nasjonalt senter for erfaringskompetanse innan psykisk helse har eit stort materiale tilgjengeleg når det gjeld pasienthistorier og erfaringar frå møte med psykisk helsevern.  Vi trur at forskning på dette materialet vil fortelle oss mykje om kva som må til for at hjelpa skal bli best mogleg for den einskilde som mottek behandling innan psykisk helse.

Eva Svendsen
Seniorrådgiver
Nasjonalt senter for erfaringskompetanse innen psykisk helse

Boka ”Alternativer veier. Pasienter med eksepsjonelle sykdomsforløp” av Tove Kruse og Anita Salamonsen, kan du låne fra vårt bibliotek. Send oss en mail: bibliotek@erfaringskompetanse.no

Del gjerne denne siden med dine venner og meld deg på vårt nyhetsbrev.
Skriv gjerne en kommentar nedenfor. Vi ber alle om å bruke vanlig folkeskikk når de kommenterer og husk at det som skrives blir lest av mange andre. Vi fjerner meldinger med trakassering og hat, og falske profiler. Vennlig hilsen redaksjonen.

RELATERTE SAKER

FRA NETTBUTIKKEN

  • Det er litt som et eget språk

    kr 100,00
    Kjøp
  • Samarbeid om gode løsninger

    kr 100,00
    Kjøp
  • Journal og epikrise. Hva har du skrevet om meg?

    kr 75,00
    Kjøp
  • Taushetsplikt. Hvem skal vite?

    kr 50,00
    Kjøp

SISTE SAKER

  • Paradoksene ved å få hjelp av ACT-team
    Ann-Mari Lofthus har i sitt doktorgradsprosjekt undersøkt brukeres erfaringer med ACT-team. Hun fant tilfredshet - men også noen paradokser....
  • Astrid Weber vant pris: – Overveldende
    Erfaringskonsulent Astrid Weber vant Akuttpsykiatriprisen 2019. – Fint å bli minnet på at arbeidet legges merke til, sa hun fra scenen....
  • Dystre funn om skjermingspraksis ved 12 sykehus
    Sivilombudsmannen har undersøkt skjermingspraksisen ved 12 sykehus og er bekymret over funnene. Helsedirektoratet oppfordrer kontrollkommisjonene til å ha økt fokus på skjermingsforhold ved besøk og gjennomgang av institusjoner....

Aktuelt

Se alle nyheter i vårt nyhetsarkiv