Bokanmeldelse: Svart belte

Har du lyst til å vite meir om korleis det opplevast å ha ei spiseforstyrring? Då er boka Svart Belte som er skrive av Marianne Clementine Håheim den rette kjelda. Ho fører oss inn i sin livs kamp på ein kreativ, poetisk og rørande måte.

Skrevet av: Eva Svendsen

KAMP: Fortatteren fører oss inn i sin livs kamp på ein kreativ, poetisk og rørande måte.

Med få ord får ho fram smerta, skamma, skuldkjensla når ho har spist seg mett og opplevinga av siger når kiloane renn av henne. « Mest mogleg hovud, minst mogleg kropp».

I starten levandegjer ho minner frå ein trygg barndom i pakt med naturen, poengtert, nært og enkelt. Ho brukar bileter frå naturen gjennom heile boka og får på denne måten fordjupa bodskapen sin på ein fargerik måte. Samstundes speglar dette det kontrast-fylte i henne: Ho var opptatt av godt stell av dyra, kunnskapen om å halde i live og å reparere. Samstundes som ho styrast av øydeleggande indre krefter. Ho straffar og skadar seg sjølv  når ho ikkje lukkast nok i sitt sjølvformingsprosjekt.

Når ho som 13 åring med eit bilete av seg sjølv med for tjukke lår, har sin fyrste sommarjobb, byrjar ho å kaste opp. Og å bruke viljen til å kjenne kontroll og kunne forme kroppen sin, vart det viktigaste i livet hennar. Ho brukar sterke bileter og få ord, noko som får meg til å kjenne smerten i dette sjølvdestruktive  prosjektet ekstra tydeleg. « Eg et cornflakes med vatn og skjer brødskiver som knapt eksisterer».

Foreldra si avmakt og fortviling når vekta gjekk ned, formidlar ho med ei setning: « For meg er det eit brus av fridom i øyra, for foreldra mine ei våt frykt».

Når ho endeleg kjem i behandling på grunn av betente liggesår, får eg ei kjensle av at avstanden mellom pasient og behandlar er som to ulike verder som ikkje kan møtast. Samstundes som ho kjenner på skuldkjensla når foreldra uttrykker si fortviling gjennom gråt. « Kan eg trøyste, når det er min feil at han grin?» .

Tida i psykiatrisk behandling gav henne kjensla av å vere ei oppgåve for andre og ein merkelapp. Ho held tilbake sitt eige sinne og brukar denne energien til å fortsette prosjektet sitt. Ingenting ser ut til å skje i behandlinga så lenge fokuset er einsidig på vekt og mat. «Raseriet må ikkje sleppe ut, eg treng det til å halde meg konstant i heilspenn..» Det er nattevaktene som opplevast som dei viktigaste omsorgspersonane.  Når ho har fått nok kilo på kroppen vert ho skriven ut til heimen og til ei ny fase med oppkast, lygn og lureri.

Paradokset med spiseforstyrring beskriv ho med ei setning: «Eg tek langsamt livet av meg sjølv for å vere flink, men er ikkje flink med mindre eg held meg i live, kler skikkeleg på meg og går opp ein halv kilo i veka.»

Skriving har vore viktig for forfattaren gjennom tida med sjukdom og behandling . Denne kunsten mestrer ho på ein imponerande måte. Valet av tittel på boka er ikkje tilfeldig. For å få svart belte må ein i fylgje Bergen Nord Taekwon- Do klubb ha: Tolmod, fysisk styrke, kondisjon og fleksibilitet, å kunne halde ut og ha fokus og ikkje minst sjølvkontroll. Forfattaren har synt i si forteljing at ho har hatt dei fleste av desse eigenskapane i sin kamp for å «….bli betre. Større enn min eigen magesekk, nok til å vere dotter av foreldra mine……»

Eg håper vi vil få mange poetiske forteljingar frå hennar penn i framtida.

Vil du låne boka fra vårt bibliotek? Ta kontakt på bibliotek@erfaringskompetanse.no

Del gjerne denne siden med dine venner og meld deg på vårt nyhetsbrev.
Skriv gjerne en kommentar nedenfor. Vi ber alle om å bruke vanlig folkeskikk når de kommenterer og husk at det som skrives blir lest av mange andre. Vi fjerner meldinger med trakassering og hat, og falske profiler. Vennlig hilsen redaksjonen.

RELATERTE SAKER

FRA NETTBUTIKKEN

SISTE SAKER

Aktuelt

Se alle nyheter i vårt nyhetsarkiv