Forskaren forklarer: Korleis taklast ventetida?

Korleis opplever dei som er vist til eit distriktspsykiatrisk senter (DPS) ventetida før behandling startar? Kva gjer dei for å hjelpe seg sjølv medan dei ventar? Er ventetid berre negativt, eller kan den brukast på ein god måte også? Eva Biringer og Bengt Sundfør intervjua brukarar ved eit DPS om deira erfaringar med å måtte vente på behandling.

Skrevet av: Eskil Skjeldal

-Det er viktig å forstå korleis brukarar taklar ventetida på DPS, seier Eva Biringer, som saman med Bengt Sundfør har forska på korleis brukarane opplever og nyttar ventetida.

-Kva er innhaldet i prosjektet?

-God tilgang til helsehjelp når ein treng det er eit viktig kjenneteikn ved gode helsetenester. Diverre er det vanleg at folk med tilvising frå fastlege til DPS må vente før behandling. Vi veit i dag lite om korleis ventetida opplevast, og kva folk gjer for å komme seg gjennom ventetida. Difor spurde vi brukarane ved eit DPS om deira oppleving av å stå på venteliste.

 

-Kva spørsmål stilte du for å finne ut av dette?

-I intervjusamtale med personane spurte vi korleis dei opplevde det å vente på første time ved DPS-et, kva dei gjorde på i det daglege medan dei sto på ventelista, om noko av dette  hjelpte og om det var noko som kunne gjerast for å betre ventetida.

 

-Kva fann du?

-Dei fleste vi intervjua opplevde ventetida som tung. Kvardagen deira var utfordrande fordi dei strevde med å klare dei daglege aktivitetane. Dei opplevde å ikkje få ting gjort, nokre var sjukmelde, og dei følte seg fanga fordi dei ikkje kom vidare med livet. Likevel var det mange som utvikla måtar for å klare å komme seg gjennom dagane og å stå i jobb. Dei framheva kor viktig det var å vere i saman med andre, trene, gå turar eller drive med musikk eller andre aktivitetar som vanlegvis gir glede. Nokre nytta tida til å førebu seg til første time på DPS-et, til dømes med å søke etter informasjon om psykiske problem og behandling på internett, eller ved å tenke gjennom kva dei skulle ta opp i den første timen med behandlar.

 

-Kvifor er dette viktige funn?

-Det er viktig å sjå på ventetida som ei tid der ein sjølv kan gjere noko for å få det betre. Det å halde tak i det vanlege livet gjennom å delta i aktivitetar og å vere saman med andre, er nesten alltid gode ting. Fleire utvikla nyttige strategiar for å hjelpe seg sjølve i ventetida. Desse måtane å takle symptom og plager på kan vere gode utgangspunkt for DPS-brukarar og behandlarane i deira felles arbeid mot ei betre framtid for brukaren. Kanskje vil ein god livsstil og sunne aktivitetar i ventetida medføre betre prognose på sikt? Nokre føreslo også at DPS bør gi informasjon om psykiske vanskar og sjølvhjelp i ventetida.

 

-Har du avdekt nokre nye kunnskapshull ved hjelp av denne studien?

-Det manglar forsking på om ventetid og opplevinga av ventetida heng saman med seinare behandlingsresultat. Det er også behov for studiar som prøver ut ulike måtar å hjelpe dei som er viste til DPS på til å bruke ventetida på mest mogleg fornuftig måte.

 

-Korleis har du ivareteke brukarinvolveringa gjennom forskingsprosessen?

-Ein person med eigenerfaring var med i heile forskingsprosessen, inkludert skriving og publisering. Vår oppleving var at det var særleg nyttig å ha han med i intervjua. Dei som vart intervjua såg ut til å finne seg godt til rettes med han til stades. Medforskaren med eigenerfaring kom også med nyttige spørsmål undervegs i intervjua. Desse spørsmåla hadde ikkje forskaren med profesjonell helsebakgrunn komme på å stille, men dei ga ny og relevant innsikt.

 

Vil du vite meir om prosjektet? Ta kontakt med Eva Biringer på: eva.biringer@helse-fonna.no

Del gjerne denne siden med dine venner og meld deg på vårt nyhetsbrev.
Skriv gjerne en kommentar nedenfor. Vi ber alle om å bruke vanlig folkeskikk når de kommenterer og husk at det som skrives blir lest av mange andre. Vi fjerner meldinger med trakassering og hat, og falske profiler. Vennlig hilsen redaksjonen.

RELATERTE SAKER

FRA NETTBUTIKKEN

SISTE SAKER

Aktuelt

Se alle nyheter i vårt nyhetsarkiv