Levd liv-antologien: Å finna eit språk for sjukdom

Misser ein kontakt med kvardagsspråket, kan ein også missa kontakt med opplevinga av å vera sjuk, skriv Jan Inge Sørbø i Erfaringskompetanses antologi «Levd liv». Her er eit utdrag.

Skrevet av: Astrid Borchgrevink Lund

DIAGNOSE OG SPRÅK: Les deler av Jan Inge Sørbøs bidrag i Erfaringskompetanses jubiluemsbok.

Eg har nettoppsett Margreth Olins film om Snåsamannen. Det var ein varm og god film, tykte eg. Her vil eg berre festa meg ved ein detalj: Fleire av dei som søkte hjelp hos han, hadde kjende diagnosar. Somme av desse diagnosane var lange, for meg uforståelege ord. Då dei kom til Joralf, snakka han med dei i eit langt meir kvardagsleg språk. Han spurte om dei hadde vondt, om dei høyrde dårleg, om det var vanskeleg å røra seg. Han var daglegspråkets mann.

 

Kva slags språk er gyldig når vi blir sjuke? Det er stor skilnad i prestisje på dei ulike språka. Ein lege eg kjenner, formulerte det kort og fyndig: Det er ein stor dag for pasienten, når han går inn på kontoret mitt med vondt i hovudet, og går ut att med migrene. Å få ein diagnose kan verka oppklarande og anerkjennande: – Der kan de sjå! Eg har ein verkeleg sjukdom. Men i nokre tilfelle tek ein også nokre steg bort frå den eigne opplevinga og erfaringa med sjukdommen. På spørsmålet om korleis ein har det, svarar ein vanlegvis ikkje i tal: – Jo takk, blodtrykk 140 over 85, blodprosent 9.5 og psa 2.5. Ein svarar i meir kvardagslege termar: –Takk, det er travelt, men eg trivst godt. Eg er litt tung i mørketida, men det kjem seg no når lyset vender tilbake. Og meir av same sort. Kvardagsspråket er også meir fleksibelt i forhold til kva vi vil seia og kva vi vil teia om.

 

Misser ein kontakt med kvardagsspråket, kan ein også missa kontakt med opplevinga av å vera sjuk. Professor Eva Gjengedal gjorde til dømes ein studie over opplevinga av å vera innlagt på intensivavdelinga (Gjengedal 1994). Det er ei avdeling der folk er alvorleg sjuke, og mykje står på spel. Difor blir målingane av det som skjer i kroppen viktige. Men pasientane fortalde i ettertid at få hadde spurt etter deira oppleving, som mellom anna var prega av at dei var skrekkeleg tørste. Dei henta inn opplysningane på andre måtar (Og stundom var det nok også vanskeleg å få kontakt med pasientane).

Antologien «Levd liv» blir lansert på Litteraturhuset i Oslo 27. oktober, men kan bestilles fra vår nettbutikk allerede nå. Boka vil bli sendt ut fortløpende etter lanseringsdatoen. Hele artikkelen kan leses når boka er lansert.

 

Jan Inge Sørbø (f. 1954), dr. philos. i litteraturvitskap, professor ved Institutt for sosialfag, Høgskulen i Volda. Relevante bøker: Lyset frå fars ansikt (2010), Til trøyst. Å finne eit språk for psykiske lidingar (2013), Arne Garborg: Frå bleike myr til alveland (2015).

Erfaringskompetanse med bok og jubileum.

 

 

Del gjerne denne siden med dine venner og meld deg på vårt nyhetsbrev.
Skriv gjerne en kommentar nedenfor. Vi ber alle om å bruke vanlig folkeskikk når de kommenterer og husk at det som skrives blir lest av mange andre. Vi fjerner meldinger med trakassering og hat, og falske profiler. Vennlig hilsen redaksjonen.

RELATERTE SAKER

FRA NETTBUTIKKEN

SISTE SAKER

  • Kunne tvang hjulpet Siw?
    Om lag 2.500 mennesker i Norge har samme livssituasjon som beskrives i dokumentaren om Siw. Er økt bruk av tvang riktig vei å gå?...
  • Vet du nok om valgrettighetene?
    Er du som pårørende eller helsepersonell usikker på rettigheter i forbindelse med valg? Eller opplever du at omgivelsene dine ikke tar valgrettighetene dine på alvor? ...
  • Forskeren forklarer: Når hjelpen fra Nav «virker»
    Forskere tilknyttet OsloMet har undersøkt hvilke gode opplevelser brukere hadde med NAV og hvorfor det opplevdes bra. – Svarene kan gi kunnskap om hva hjelpeapparatet gjør i de tilfeller brukerne synes at hjelpen «virker», sier førsteamanuensis Sidsel Natland....

Aktuelt

Se alle nyheter i vårt nyhetsarkiv