Levd liv-antologien: Dei sanne menneskemøta

Eit historisk tilbakeblikk på senteret si reise, frå ein medarbeidar sin posisjon, skriv Erfaringskompetanses Eva Svendsen i jubileumsboka «Levd liv».

Skrevet av: Eva Svendsen

-I denne serien forsøker vi å få fram hva den enkelte forstår med brukermedvirkning. Vi har fått representanter for flere ulike aktører som er involvert i brukermedvirkning i tale, sier senterets seniorrådgiver, Eva Svendsen.

Fortel meg ikkje kva sanninga er

Det som er sant i dag,                          

kan vere usant i morgon

Fortel meg heller

Kva livet er for deg Akkurat no

Kva som står på spel

Og kva du er så redd for

Fyrst då kan vi dele ei felles verd

Men ikkje før!

 

Som den einaste medarbeidaren ved Nasjonalt senter for erfaringskompetanse som har vore der sidan starten i 2006, har eg fått lov til å sjå tilbake og dele nokre av mine erfaringar frå senteret si reise. Mange sanningar har kome og gått. Det som likevel står att, er minna om dei sanne menneskemøta som har rørt meg fordi dei har vore ekte og nære. I desse åra har eg møtt mange glødande, engasjerte menneske som står opp for det dei trur på og som vil vere med på å gjere ein forskjell innan psykisk helsefeltet. Mange har opplevt dei alvorlegaste krenkingar sjølve, men har likevel hatt styrke til å gjere ein viktig innsats for at andre ikkje skal oppleve det same. Kunnskapen som desse menneska har samla gjennom sine smertefulle erfaringar, er ikkje berre ei viktig kunnskapskjelde for den einskilde, men også for utviklinga av helsetenestene våre. Dessverre har ikkje det subjektive den plassen i kunnskapsuniverset som det burde ha. Eg har erfart kor enormt forskjellige vi som menneske kan vere, kor mangfaldige vi er og kor lite vi eigentleg kan forstå av kvarandre. Kor audmjuke og forsiktige vi bør vere med å tru at vi forstår den andre og kor nyttig det er å vere i ein positiv og nysgjerrig posisjon. Det har difor vore utfordrande å arbeide innanfor eit felt der så mange sanningar synest å vere støypt i fjell.

 

Takka vere alle dei flotte menneska eg har møtt desse åra, har eg lært mykje om kva brukarmedverknad eigentleg betyr. At det på same tid er både komplisert og enkelt. Kårhild Husum Løken, leiar ved Sagatun brukarstyrte senter, sa det slik: «Hvorfor kan vi ikke bare snakke om samarbeid?»

Antologien «Levd liv» blir lansert på Litteraturhuset i Oslo 27. oktober, men kan bestilles fra vår nettbutikk allerede nå. Boka vil bli sendt ut fortløpende etter lanseringsdatoen. Hele artikkelen kan leses når boka er lansert.

 

 

 

Eva Svendsen(f. 1951) er klinisk sosionom, familieterapeut, kunst- og uttrykksterapeut, seniorrådgiver. Publikasjoner: Samarbeid psykiatri – barnevern, Rettleiar for terapeutar i vaksenpsykiatrien, PsykOpp Forlag 1996, Tidsskrift for psykisk helsearbeid(tph) nr.3-2011: «Før og etter opptrappingsplanen – sett fra mennesker med erfaring fra psykisk helsevern» v/ Halvor Bruun og Eva Svendsen, tph nr.4-2014: «Hvilken plass har erfaringskonsulenter i tjenestene innen psykisk helse» v/ Siv Helen Rydheim og Eva Svendsen.

 

Erfaringskompetanse med bok og jubileum.

 

 

Del gjerne denne siden med dine venner og meld deg på vårt nyhetsbrev.
Skriv gjerne en kommentar nedenfor. Vi ber alle om å bruke vanlig folkeskikk når de kommenterer og husk at det som skrives blir lest av mange andre. Vi fjerner meldinger med trakassering og hat, og falske profiler. Vennlig hilsen redaksjonen.

RELATERTE SAKER

FRA NETTBUTIKKEN

SISTE SAKER

Aktuelt

Se alle nyheter i vårt nyhetsarkiv