Levd liv-antologien: Kva skal til for at framtidas psykiske helsevern skal bli godt nok?

Eg har lenge vore kritisk til organiseringa og den faglege innrettinga av psykisk helsevern i Noreg. I 2010 skreiv eg boka «Manifest for psykisk helsevern» (Aarre, 2010) for å bidra til ordskiftet om kva veg utviklinga bør ta. Her er eg beden om å seie kva som etter mitt syn må til for at psykiatrien i framtida skal bli god nok, skriv Trond F. Aarre i Erfaringskompetanse si jubileumsbok.

Skrevet av: Astrid Borchgrevink Lund

KRITISK OG SKEPTISK: -Eg er kritisk til den medisinsk orienterte psykiatrien, skeptisk til diagnostikken me driv med, til profesjonsmakt og rigide organisasjonar, skriv Trond F. Aarre i jubileumsboka «Levd liv».

Redaktøren har bede meg vere så konkret og normativ så råd. Det er ei rimeleg oppmoding. Dei fleste problema i psykisk helsevern er ikkje av abstrakt, intellektuell eller akademisk natur, men enkle og konkrete problem som hindrar oss i bli betre. Det er desse me må gå laus på. Men før me gjer det, må eg stille eit viktig spørsmål: Kven skal definere kva som er i vegen?

 

Kven avgjer kva som er i vegen?

Det er ikkje det same kven som uttaler seg om kva som er gale og korleis det skal bli betre. Svaret avheng av om me spør brukarane, dei tilsette, samarbeidspartane våre eller styremaktene. Når eg er beden om å meine noko om saka, er det fordi eg arbeider i spesialisthelsetenesta som leiar og klinikar. Dette gjev meg særleg innsikt i korleis slike organisasjonar fungerer, men min spesielle synsvinkel stenger òg for andre perspektiv.

 

Som leiar er eg oppteken av om tenesta lever opp til forventningane som styresmaktene har, om ho oppfyller samfunnsmandatet sitt og fungerer i tråd med føremålet. Premissa vert då definerte av helseføretaka og styremaktene. Det blir lett til ei helseadministrativ øving som er abstrakt og fjern frå kva den einskilde brukaren av tenestene opplever som problematisk.

 

Som leiar er eg også oppteken av å vere ein talsmann for pasientane. Naturlegvis er det uråd å lausrive seg frå sin eigen posisjon og berre vere talerøyr for andre. Eg er den eg er, og eg ser verda slik eg gjer. Eg plasserer meg i venstreopposisjonen i norsk psykiatri. Eg er kritisk til den medisinsk orienterte psykiatrien, skeptisk til diagnostikken me driv med, til profesjonsmakt og rigide organisasjonar. Eg kjempar med kollegaer om kven som skal ha mest å seie i den vidare utviklinga av fagfeltet. Men både eg og motstandarane mine hevdar at me er talsmenn for pasientane, at det er deira interesser me målber, at me har edle motiv og ikkje vert påverka av eigeninteresser. Det er ikkje sikkert at me har rett i dette.

 

Trond Fjetland Aarre (f. 1962) er lækjar og spesialist i psykiatri frå 1997. Han har arbeidd ved Nordfjord psykiatrisenter i det meste av yrkeslivet sitt og har vore avdelingssjef der sidan 2002. Den faglege hovudinteressa hans har vore utvikling av desentraliserte spesialisthelsetenester for dei som slit med rusproblem eller psykisk uhelse. Han har vore medforfattar for fleire lærebøker i psykiatri og psykofarmakologi og gav i 2010 ut boka Manifest for psykisk helsevern.

Boka kan du kjøpe i nettbutikken vår.

 

Del gjerne denne siden med dine venner og meld deg på vårt nyhetsbrev.
Skriv gjerne en kommentar nedenfor. Vi ber alle om å bruke vanlig folkeskikk når de kommenterer og husk at det som skrives blir lest av mange andre. Vi fjerner meldinger med trakassering og hat, og falske profiler. Vennlig hilsen redaksjonen.

RELATERTE SAKER

FRA NETTBUTIKKEN

  • Det er litt som et eget språk

    kr 100,00
    Kjøp
  • Samarbeid om gode løsninger

    kr 100,00
    Kjøp
  • Journal og epikrise. Hva har du skrevet om meg?

    kr 75,00
    Kjøp
  • Taushetsplikt. Hvem skal vite?

    kr 50,00
    Kjøp

SISTE SAKER

Aktuelt

Se alle nyheter i vårt nyhetsarkiv