Levd liv-antologien: Sorg og song

Lars Amund Vaage er oppteken av kva som skjer med menneska i eit samfunn der tradisjonane vert borte, av personar som tek val på tvers av det som vert sett på som riktig. Kva skjer med dei som skil seg ut? Kva fortel situasjonen til dei svake om samfunnet dei bur i? Språkløyse og musikkens språk er sentrale tema hos han, og spørsmålet om kjærleikens karakter og vilkår. 

Skrevet av: Ekstern bidragsyter

MENNESKA I EIT SAMFUNN: Her er et utdrag av Lars Amund Vaages bidrag i antologien «Levd liv». (Foto: Hans Jørgen Brun)

Då romanen Syngja kom ut i 2012, vart han møtt med strålande meldingar frå samstemte kritikarar, og for boka vann Vaage Brageprisen. Men Syngja var også boka forfattaren ikkje trudde han kunne skriva. Med denne romanen som utgangspunkt drøftar Vaage korleis livsrøynsler kan gjerast om til språk og litteratur, og kva som kan hemma eller drepa slike uttrykk. Hindringane kan verka uoverstigelege når temaet er eit lidande barn.

Er det slik at det språklause barnet er omgitt av språk som ikkje kan dekka eller forklara livet hennar? Blir til og med diktaren stum når han lever i det språkleg fattige hjelpeapparatet? I boka Sorg og song fortel Lars Amund Vaage om korleis det kan opplevast når diktinga vert møtt som vedkjenningslitteratur. Han viser ikkje berre korleis han nærmar seg autismen i tidlegare bøker, men òg korleis det språklause gjeld alle menneske. Ikkje minst skriv han om å skriva: om å gi ord til det ordlause.

 

Utdrag frå boka
Det kan godt henda mi eiga bestemor møtte Olav H. Hauge på Valen. Ho var innlagd der fleire gonger på femti- og sekstitalet, med diagnosen schizofreni. Kanskje var ho og Olav vener, sat under dei store kastanjetrea, eksotiske vekstar på våre kantar, og drøfta livet og litteraturen? Bestemor hadde også sterke litterære interesser. Ho las bøker, ikkje minst slike som var kristne og oppbyggjelege, ho hadde Ronald Fangens samla verk i bokhylla, og ho skreiv sjølv, til dømes prologar ho las opp i husmorlaget.
Eg veit ikkje så mykje om livet hennar på sinnssjukehuset, men eg såg galskapen hennar før ho fór, fjern, vill, og ei framand forteljing strøymde ut av henne om eit opphøgd liv ho hadde falle djupt ifrå. Og eg såg henne visseleg då ho kom heim igjen, tynn, bleik, gjennomsiktig. Huda var som pergament, leppene var tørre. Munnen ropte ikkje lenger ut ein klagesong, men kviskra stilt om det ho hadde tatt feil om. Så kunne galskapen langsamt arbeida seg opp i henne, han var ein mangesidig gjest. Han fylte henne ut, gjorde henne full av kraft igjen, og det verka som om ho visste kva ho skulle gjera med den krafta, medan me som stod rundt henne, var skremde, makteslause.

 

 

Antologien «Levd liv» blir lansert på Litteraturhuset i Oslo 27. oktober, men kan bestilles fra vår nettbutikk allerede nå. Boka vil bli sendt ut fortløpende etter lanseringsdatoen. Hele artikkelen kan leses når boka er lansert.

 

 

Lars Amund Vaage (f. 1952) debuterte i 1979 med romanen Øvelse Kald Vinter og har sidan gitt ut romanar, diktsamlingar, noveller, skodespel og barnebøker. Han har mottatt ei rekke prestisjetunge prisar, mellom anna Kritikerprisen, Aschehougprisen, Gyldendalprisen, Doblougprisen, p2-lytternes romanpris og Brageprisen, og han har vore innstilt til Nordisk råds litteraturpris. I 2001 var han festspeldiktar ved De internasjonale festspillene i Bergen og i 2008 ved Dei nynorske festspela.

Erfaringskompetanse med bok og jubileum.

Del gjerne denne siden med dine venner og meld deg på vårt nyhetsbrev.
Skriv gjerne en kommentar nedenfor. Vi ber alle om å bruke vanlig folkeskikk når de kommenterer og husk at det som skrives blir lest av mange andre. Vi fjerner meldinger med trakassering og hat, og falske profiler. Vennlig hilsen redaksjonen.

RELATERTE SAKER

FRA NETTBUTIKKEN

SISTE SAKER

  • Har samlet sitater fra 9.000 pårørende i nytt hefte
    Pårørendealliansen har sammenstilt funn og sitater fra mer enn 9.000 pårørende i Pårørendeundersøkelsene 2016 og 2017 i et nytt hefte. Nå oppfordrer de pårørende til å delta i en ny undersøkelse i forbindelse med kommunevalget....
  • Her finnes en database med 2.000 pasienterfaringer
    Om lag 2.000 erstatningskrav fra pasienter innen psykisk helsvern er samlet og systematisert i en database hos Norsk pasientskadeerstatning (NPE). Fagsjef Ida R.K. Bukholm ber fagfolk ta i bruk materialet for å lære av pasienthistoriene. ...
  • Se opptakene fra Toppmøte 2019 her
    Her kan du se opptakene fra Toppmøte 2019 som gikk den 3. April....

Aktuelt

Se alle nyheter i vårt nyhetsarkiv