Passar Kindermans resept for psykisk helsevern i Noreg?

– Dersom pakkeforløpa nøyer seg med å definere ventetider og skildre samhandlinga i helsetenesta, er alt vel. Men ein skal òg standardisere behandlinga ut frå diagnosar. Alt Kinderman seier, tyder på at dette ikkje kan føre fram, skriver psykiater Trond F. Aarre og psykolog Mehdi Farshbaf ved Nordfjord psykiatrisenter.

Skrevet av: Ekstern bidragsyter

Pakkeforløp i psykiatrien: Verdiane som ligg til grunn for pasientens helseteneste går ikkje i hop med planen om pakkeforløp, skriver psykiater Trond Aarre. (FOTO: Astrid Borchgrevik Lund)

Av Trond F. Aarre og Mehdi Farshbaf

I kronikken sin (Vårt Land 14. september) hevdar Kinderman at det er ein myte at symptom på psykiske lidingar skuldast hjernesjukdom.

Han hevdar at psykiske plager i hovudsak har sosiale, ikkje biologiske, årsaker. Difor bør tenestene ikkje prøve å behandle «sjukdom» eller «lidingar», men støtte folk som har det vanskeleg på grunn av vilkåra dei lever under eller korleis dei reagerer på desse vilkåra. Kinderman meiner dette også gjeld alvorlege psykiske lidingar, som psykoselidingar. Han peiker på at forsking finn klårt samband mellom tidlege traume og seinare alvorlege psykiske problem. For Kinderman er det vi i dag ser på som sjukdom ikkje anna enn tilpassingar til overveldande røynsler.

Mehdi1_large

Psykolog Mehdi Farshbaf

Kinderman vil at me skal slutte å sjå psykiske plager som uttrykk for diagnostiserbare lidingar. Han meiner at enkle og greie skildringar av dei problema folk slit med, vil vere eit godt grunnlag for å planlegge behandling og tenesteutvikling. Kinderman vil gå frå medisinske til psykososiale løysingar. Han tilrår radikale endringar i forståinga av psykiske problem og korleis me utviklar og organiserer tenestene. Han utfordrar klinisk psykologi og psykiatri både med omsyn til årsakene til det vi kallar psykiske lidingar og kva som skal styre dagleg praksis: sjukdom eller individet sine eigne røynsler.

Høver tankane til Kinderman i den norske kliniske kvardagen? Helsestyresmaktene har bede tenesta om å ta pasientane sine ynskje og verdiar på større alvor og arbeide for meir friviljug behandling og medisinfrie alternativ. Tenesta skal endre arbeidsformer og organisering og ta utgangspunkt i meistring og ressursar, og ikkje berre symptom og diagnosar. Så langt er alt vel.

Men styresmaktene har ein tosidig dagsorden – og dei to sidene går ikkje i hop. På den eine sida skal me ta utgangspunkt i kva den einskilde ynskjer, på den andre skal me følgje nasjonale retningsliner. På den eine sida skal me fremje Pasientens helseteneste (eit prisverdig initiativ frå statsråden), på den andre skal me utvikle pakkeforløp for psykiske lidingar. Pakkeforløpa skal standardisere, ikkje individualisere, tilbodet. Tanken er, seier statsministeren, at det skal redusere unødig venting og sikre at alle får behandling «basert på en standard forankret i den beste kunnskap vi har om hva som hjelper». Det vert vist til Danmark, der pakkeforløp er innført – ut frå den kliniske diagnosen.

Dersom pakkeforløpa nøyer seg med å definere ventetider og skildre samhandlinga i helsetenesta, er alt vel. Men ein skal òg standardisere behandlinga – ut frå diagnosar. Alt Kinderman seier, tyder på at dette ikkje kan føre fram.

Han har tvillaust rett i at diagnosane stort sett ikkje avgrensar pasientgrupper som treng den same behandlinga. Det er ikkje opplagt at ein bør gje same behandling til alle som har til dømes depresjon, for årsakene til depresjon kan vere mange og samansette. Då blir det i beste fall meiningslaust med slike forløp. I verste fall får det skadelege følgjer for dei som blir pressa inn i standardiserte løysingar som kanskje, kanskje ikkje, høver for vanskane dei strir med.

Kinderman hevdar at sjølv omgrep som schizofreni og bipolar liding er dårlege utgangspunkt for å planlegge behandling for individet. Han har nokså rett. Dei nasjonale retningslinene seier til dømes om schizofreni at «om lag 25 prosent har èn sykdomsperiode, mens 25 prosent får et kronisk, livslangt forløp. De resterende 50 prosent har et forløp mellom disse ytterpunktene».

Kan det same pakkeforløpet vere tenleg for personar med så ulike forløp? Ved mildare psykiske lidingar er forløp og trong for behandling endå meir varierande. Det er ikkje gode utgangspunkt for standardisering.

Verdiane som ligg til grunn for Pasientens helseteneste kan ikkje sameinast med pakkeforløp. Difor er det viktig at politikarar og brukarorganisasjonar er på vakt. I verste fall skal det no lagast reglar for korleis pasientar og klinikarar skal innrette seg, reglar som tek frå dei handlefridom og kreativitet. I verste fall vert pakkeforløpa maksimumsgrensa for kva pasientane kan vente seg – ut frå diagnosen dei har.

Dersom Kinderman har rett, så ramlar dette korthuset i lag med diagnosesystemet som det byggjer på. Alt me har lært av brukarane våre, tyder på at dei ynskjer å medverke i avgjerda om kva som skal vere mål og middel i behandlinga deira.

Det er på tide å kjempe for pasienten sin rett til individualitet og fagfolka sitt høve til å vere fagfolk. Helsehjelpa må vere tilpassa det som er i vegen – og ikkje berre kva diagnose som er sett.

Kronikken står på trykk i Vårt Land i dag.

Del gjerne denne siden med dine venner og meld deg på vårt nyhetsbrev.
Skriv gjerne en kommentar nedenfor. Vi ber alle om å bruke vanlig folkeskikk når de kommenterer og husk at det som skrives blir lest av mange andre. Vi fjerner meldinger med trakassering og hat, og falske profiler. Vennlig hilsen redaksjonen.

RELATERTE SAKER

FRA NETTBUTIKKEN

SISTE SAKER

Aktuelt

Se alle nyheter i vårt nyhetsarkiv