Medisinfrie tilbud: Gestaltterapi

Åse B. Sageie er barnevernspedagog og gestaltterapeut. Ho er medlem i Norsk Gestaltterapiforbund og praktiserer denne behandlingsforma som privatpraktiserande. Tidlegare har ho mellom anna vore tilsett ved Samtun, eit behandlingstilbod for rusavhengige, samt arbeidd som samtaleterapeut ved Attføringssenteret Air og som studentrettleiar ved Studentsamskipnaden i Telemark.

Skrevet av: Thomas Øverbø

-Kva går denne behandlinga ut på?

-Gestalt betyr meiningsfullt heile. I gestaltterapi jobbar terapeuten saman med pasienten for finne ei meining i korleis kropp, kjensler og tankar påverkar kvarandre i samspel. Vi jobbar hovudsakleg ut frå eit «her og no»-perspektiv, då det er her potensialet for endring ligg. Gestaltterapi er både opplevings- og prosessorientert, og kan nyttast individuelt eller i grupper. Vi nyttar alt frå samtale, eksperiment og rollespel som metodar. Ein kan seie at gestaltterapi er ei form for relasjonsterapi i kraft av at ein tenkjer me alltid let oss påverke av relasjonane me er i, også i terapirommet. Terapeuten opptrer ikkje som objektiv eller nøytral, men søkjer eit EG—DU møte saman med klienten. Denne behandlingsforma vert nytta i heile verda og er den mest utbreidde retninga innan psykoterapi.

-Kan den stå åleine eller brukast den helst saman med andre behandlingstiltak?

-Ein kan både nytte gestaltterapi som behandlingstiltak aleine og i saman med andre tiltak. Dersom det er snakk om å nytte fleire, er det viktig med koordinering av desse. Ved mange institusjonar innan psykisk helse og rus, er gestaltterapi ein del av tilbodet.

-Kven passar det for?

-Gestaltterapi passar for dei som av ulike årsaker ynskjer å jobbe med seg sjølv. Både born, ungdom og vaksne kan gjere seg nytte av denne forma for terapi.

-Kven passar dette ikkje for og kvifor?

-Relasjonen mellom terapeut og pasient er ein vel så viktig faktor i terapien som kva for ein innfallsvinkel og teknikk ein nyttar. Det er difor viktig at gestaltterapeuten sjølv ser sine grenser, og at han/ho saman med pasienten vurderer om behandlinga har effekt. Gestaltterapi passar ikkje for dei som ynskjer å få løysingar servert. Denne terapiforma handlar i stor grad om at terapeut og pasient utforskar tema og fenomen saman, og at terapeuten hjelper pasienten til å finne løysingane sjølv.

-Kva er ulempene ved denne behandlinga?

-Den viktigaste ulempa eg ser, er at gestaltterapeutar ikkje får kommunale avtaler slik at pasienten må koste behandlinga sjølv, om ein går til ein privatpraktiserande terapeut. Gestaltterapi må ikkje sjåast som eit alternativ til naudsynt medisinsk behandling tilrådd frå det offentlege helsevesenet. Eg vil for eksempel ikkje tilrå nokon å kutte ut medisinar som ein lege har skrive ut fordi eg tenkjer at eg betre kan hjelpe.

-Må ein ha før-kunnskap eller spesielle erfaringar for å nyttiggjere seg tilbodet?

-Nei det treng ein ikkje.

-Korleis kan ein behandlingstime sjå ut?

-Den vil kunne sjå ut på følgjande vis: Pasienten snakkar om at han/ho er så sliten på jobb for tida. Terapeuten observerer at klienten stadig knyter neven medan vedkomande fortel. Dette gjer terapeuten pasienten oppmerksam på, og kan då for eksempel be pasienten om å knytte neven enda meir. Pasienten blir kanskje oppmerksam på at han/ho kjenner på eit sinne. Saman vil dei då utforske dette meir via for eksempel spørsmål som: «Er slitenheten du nett presenterte eit uttrykk for sinne på jobb? Kven er du eventuelt sinna på? Har du kjent det før? Korleis har du det med å vere sinna?» Kanskje viser det seg at sinne er ei kjensle pasienten ikkje er så kjent med, slik at dette blir noko dei saman kan jobbe vidare med neste gong. Til slutt vil ein saman prøve å lande det på eit vis som kjennes ok ut for pasienten. Det kan terapeuten gjere ved å spørje om kva pasienten sit att med etter jobbinga, og kva han/ho ynskjer å ta med seg ut frå timen.

-Korleis kan tilbodet integrerast i eit recovery-forløp?

-Eg tenkjer det ikkje finst noko fasitsvar på dette, då det er avhengig av tematikk, pasient, terapeut, eventuelle samarbeidspartnarar og situasjon.

-Kva plass har pasienten sine eigne ynskjer i tilbodet?

-Utgangspunktet for behandlinga er alltid pasienten si bestilling, det han eller ho ynskjer å jobbe med. Gjennom arbeid med ei «bestilling» kan det dukke opp andre tema terapeuten og/eller pasienten blir oppmerksame på. Dersom pasienten ynskjer å utforske dette vidare, gjer ein det, og om pasienten ikkje vil, let ein det ligge. «Her og no»-fokuset handlar nett om å vere der pasienten er.

-Kva plass har pårørande i behandlinga ?

-Det er opp til pasienten. Somme gonger, når eg jobbar med unge, har eg i samråd med pasienten invitert pårørande inn. Då lagar eg ei avtale i forkant om kva pårørande skal få vite/ikkje vite. Dersom tematikken til pasienten handlar om utfordringar i forhold til pårørande, kan me jobbe med dette utan at vedkommande er til stades. Gestaltterapi er kanskje mest kjent for omgrepet «den tomme stolen». I praksis betyr det at me «inviterer» den pårørande inn i terapirommet, utan at vedkommande faktisk er til stades. Ofte let me oss stoppe av tenkte forventingar som ikkje alltid er sanne. I vanskelege relasjonar handlar det og om å anerkjenne vanskelege kjensler hjå oss sjølve. I terapirommet kan me saman utforske desse fenomena.

Del gjerne denne siden med dine venner og meld deg på vårt nyhetsbrev.
Skriv gjerne en kommentar nedenfor. Vi ber alle om å bruke vanlig folkeskikk når de kommenterer og husk at det som skrives blir lest av mange andre. Vi fjerner meldinger med trakassering og hat, og falske profiler. Vennlig hilsen redaksjonen.

SISTE SAKER

Aktuelt

Se alle nyheter i vårt nyhetsarkiv